Svane livstrugande skadd
«Hamnesjefen» er tatt inn til dyrlege og må kanskje avlivast.
Bildeserie:
Tysdag i 18-tida blei både brannvesenet og politiet varsla om ei skadd svane i Oselvo.
– Svana låg på bakken nær reiret og hadde blod på vengene. Han låg heilt i ro då vi kom for henta han, fortel viltkontakt Espen Andersen.
Brannsjef Stein Gjøsund stadfestar at det er knoppsvanehannen som er merkt 70B, «Hamnesjefen», som er skadd.
Avgjerd i morgon
– Svana er no på Osøyro Dyreklinikk med ope brot i foten, fortel Gjøsund.
– Det er tatt bilde og røntgen og sendt til kirurgar i Bergen, men avgjerd om den blir operert eller avliva blir først fatta i morgon.
Røntgen viser at svana har fleire brot i foten.
Veterinær har gjeve smertestillande til svana og jobbar med å stoppa blødningen.
I mellomtida ligg svanehoa på egga som truleg snart er klar for klekking. Korleis mora og ungane klarer seg om ho blir åleine med årets kull er uvisst.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.