Lokal | 31. mars 2020

Svar til Bjørn Ask

Lesarinnlegg: Det er heilt rett at det skal vera forventningar både til kommunen og til oss folkevalde.

Svar til Bjørn Ask
Ordførar Trine Lindborg, her i formannskapsmøte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mars 2020 07:12

Bjørn Ask skriv i eit lesarinnlegg på Midtsiden i går:

«Derfor må det gå an at kommunen også i disse vanskelige tider bidrar til å holde næringslivet i gang for å sikre bedrifter og arbeidsplasser. Vi må kunne forvente at plan- og bygningsutvalget holder trykket oppe og bidrar til å vurdere planer og søknader, og svarer, innen rimelige frister».

Det er heilt rett at det skal vera forventningar både til kommunen og til oss folkevalde i desse dagar - og det er også derfor eg bl.a skriv i mitt innlegg:

«Som kommune er det viktig at vi går i front med det vi kan bidra med av engasjement og optimisme. Det er viktig å halda vår prosjektavdeling i full drift med pågåande planar, anbud og oppdrag. Det er også tverrpolitisk einigheit om at plan-og bygningsutvalet skal gjennomføra sine møter slik at ein ikkje stoppar opp framdrift på planarbeid,prosjekt,- og byggesaker i Bjørnafjorden kommune. Dette er ei forutsetjng for utvikling,- og ikkje minst for alle aktørane innanfor bygg- og anleggsbransjen».

Når det gjeld byggesak og planarbeid jobbar administrasjonen på ordinær måte sjølv om rådhuset er stengt. Det er kun klagesaker, dispsøknader og planarbeid som vert behandla politisk av plan-og bygningsutvalet (PBU).

I tillegg jobbar no PBU med kommunedelplanen for Os-delen av Bjørnafjorden. I det utsette kommunestyremøtet skulle to reguleringsplanar behandlast, Hjelleplanen med 22 bueiningar og Lundestølen med 36 bueiningar.

Å utsetje kommunestyremøtet 31. mars og PBU møtet 2. april til 16. april (påsken imellom ) var eit tverrpolitisk samrøystes vedtak.

Begrunninga er både den svært spesielle situasjonen administrasjonen i kommunen vår står i heile døgeret no, og at vi må kunna avhalda politiske møter på ein demokratisk og lovleg måte kor alle representantane kan delta. Voteringsorden, framlegg til nye vedtak, personleg stemmegjeving og at heile møtet skal vere ope,- dvs strøymas slik at alle innbyggjarane sine interesser blir ivareteke.

Det politiske miljøet i Bjørnafjorden var samrøystes einige om å gje IT-avdelinga og administrasjon eit par veker for å tilretteleggja eit system som ivaretek alle desse faktorane.

For plan- og bygningsmøta må ein også ivareta synfaringsdelen.

Synfaringa må avhaldast på lovleg måte når det kjem til smitterisiko, og dei til ei kvar tid gjeldande føringane frå Folkehelseinstituttet og smittevernlege/kommuneoverlege i Bjørnafjorden.

Til saksopplysning kan ein gå inn på kommunen sine heimesider og sjekka møteplanen for politiske utval. Der vil ein raskt kunna sjå at PBU allereie har halde 4 møter i 2020, og at det fram til byrjinga av juni er planlagd møter 16. april, 23. april, 7. mai, 14. mai og 4. juni.

Leiar i PBU, Terje Sperrevik, Sp melder også at det kan koma endå fleire møter for å ta unna saker i denne spesielle tida.

Bjørn Ask, dette meiner eg er noko heilt anna enn å vera tafatt!

No er det viktig at alle drar i samme retning og bidreg til at lokalt næringsliv blir framsnakka og klarer å halde hjula i gang - der er vi heilt einige!

Trine Lindborg
Ordførar, Ap

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.