Meining | 01. feb. 2022

Svar til Ellingsen og Høgre

Om Høgre vil diskutera omdisponering av sitt eige budsjett, er det berre til å ta kontakt.

Svar til Ellingsen og Høgre
Ordførar Trine Lindborg (Ap). (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. feb. 2022 12:28

Svar på spørsmål stilt til ordførar frå Bjørnafjorden Høgre ved Kjersti Ellingsen via Midtsiden:

Bjørnafjorden Høgre ønskjer at kommunen skal støtta dei ideelle barnehagane med dei ekstraordinære straumrekningane.

Takk til Kjersti Ellingsen og Bjørnafjorden Høgre for at dei ønskjer at fellesskapet skal stilla opp når straumkrisa kjem og marknadskreftene sviktar!

Kjersti Ellingsen, her under valkampen før stortingsvalet 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògStraumstøtte til private barnehagar i Bjørnafjorden?

Bjørnafjorden kommune sitt budsjett for 2022 blei vedtatt av Høgre, FrP, MDG og uavhengig Magne Djuvik.

Det er altså innan for ramma av dette budsjettet at ei eventuell kommunal støtteordning til barnehagane må skje.

I Arbeiderpartiet, SP og Krf sitt framlegg til budsjett låg det inne 1 million kroner til eit næringsfond, for å støtta utviklinga av lokalt næringsliv. Nokre av desse midlane kunne blitt omdisponert til krisestøtte. Men slik vart det dessverre ikkje.

I Høgre, FrP, MDG og uavhengig Djuvik sitt budsjett ligg det berre øyremerka driftsmidlar til spesifisert lokalt næringsliv. Bjørnafjorden Næringsråd (300.000), Visit Bjørnafjord (100.000) og Os Sentrumsforening (100.000).

Det er altså ikkje lett å sjå kor i Høgre, FrP, MDG og uavhengig Djuvik sitt budsjett ein skal finna rom til ekstra støtte til dei enkeltståande private barnehagane.

Det blir også viktig at Høgre har tenkt over kva tiltak ei eventuell kommunal støtteordning skal innehalda for å sikra lik og rettferdig behandling.

  • Kan ein koma i konflikt med andre regelverk for stønad/subsidiar?
  • Kor store eller små skal barnehagane vera - handlar det berre om eigarstruktur innanfor den private barnehagemarknaden?
  • Er det berre dei små ideelle barnehagane som skal få støtte, eller gjeld det alle private barnehagar - og korleis skal dette gjerast rettferdig?

Eg ser at begge delar er nemnd i spørsmålet frå Kjersti Ellingsen i Bjørnafjorden Høgre.

Til informasjon og opplysing har ordførar i dag sjekka opp med administrasjonen om Bjørnafjorden kommune har fått henvendingar frå barnehagane om kommunal straumstøttehjelp. Det er per i dag ikkje motteke noko henvending frå bransjen og aktørane. Dette gjeld både for næring og oppvekst.

Ordførar er på tilbodssida for å finne rettferdige løysingar, så om Bjørnafjorden Høgre no vil diskutere omdisponeringar i deira eiga budsjett, er det berre for gruppeleiar Marie Bruarøy å ta kontakt.

Ordførar og Arbeiderpartiet er svært villige til å gå i dialog.

Trine Lindborg
Ordførar Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.