Meining | 30. jan. 2022

Straumstøtte til private barnehagar i Bjørnafjorden?

Spørsmål til ordførar om oppgåva som er lagt over på kommunane.

Kjersti Ellingsen, her under valkampen før stortingsvalet 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. jan. 2022 19:00

Fredag 21. januar kunne vi lese om Unneland barnehage som vekk ei rekordhøg straumrekning i desember.

Private barnehagar har ikkje sjanse til å auka inntektene for å dekka desse ekstra utgiftene, men må forsøka å dekka dei inn via driftbudsjettet – som eigentleg skal nyttast til å gi borna eit godt pedagogisk tilbod.

Høge straumrekningar kjem i tillegg til ein stor innsats for å halda barnehagene opne gjennom korona-krisa, der høgt sjukefråvær også gir ein større kostnad enn normalt.

I Bjørnafjorden er det totalt 15 private barnehagar. Av desse er 6 av dei enkeltsående og sokalla ideelle barnehager.

Straumrekninga for desember var 1,5 gongar så høg som i et normalt år.

Så vidt eg veit er ingen av desse barnehagene rusta til å takla denne store auka i utgift til eit heilt naudsynt driftsmiddel som straum er. Dei har heller ikkje ein større organisasjon å støtte seg på.

Av tiltak som har blitt lagt på bordet for å støtta bedrifter og privatpersoner for å koma seg gjennom straumkrisa, er det ingen som omfatter private barnehager.

Dette får vi opplyst om er lagt over til kommunane å finna ei løysing på.

Difor er mitt spørsmål til Bjørnafjorden kommune ved ordfører Trine Lindborg:

Har Bjørnafjorden tenkt over tiltak for å avhjelpe dei enkeltståande private barnehagene gjennom straumkrisa?

For Bjørnafjorden Høgre, Kjersti Ellingsen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.