Skøyter | 21. des. 2021

Sverre er del av første uttak til OL

– Kanskje noko av det største eg har gjort på skøytebanen, uttaler Sverre.

Sverre er del av første uttak til OL
Sverre, her med gullmedalje på 5000 meter i Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. des. 2021 08:57

Etter to sølv på lagtempo og to 5000-meterar med berre nesten god nok tid, var det spennande om Sverre Lunde Pedersen ville klara målet om å bli tatt med til OL trass sykkelulykka i mai.

I går blei han innstilt som del av uttaket av Norges Skøyteforbund, der dei presiserte at dette ikkje var det same som OL-plass.

Men seinare same dag kom uttaket frå Olympiatoppen.

Sverre er ein av dei 47 utøvarane i første uttak. Det er til saman 10 skøyteløparar i første uttak.

Det er venta at Noreg stiller med til saman rundt 85 utøvarar i vinter-OL 2022. Dei neste uttaka er 10. og 18. januar. OL i Beijing går av stabelen 4. til 20. februar.

– Det var heilt fantastisk å få denne nyheten om OL-billett! Etter den stygge sykkelulykka i mai, og tre månadar med rehabilitering, er dette kanskje det største eg har gjort på skøytebanen, skriv Sverre på Facebook.

Jarle Pedersen, her etter Sverre sitt gull i Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Les òg– Han er heilt på vippen, dette står det respekt av

Han takkar alle som har støtta han, og seier han er klar for å gjera nye framsteg på veg mot Beijing.

Over nyttår er det EM i Heerenveen. Der er Sverre naturlegvis tatt ut til både lagtempo og 5000 meter.

Første uttak til OL

Her er dei 47 første norske deltakarane som er tatt ut til OL.

Curling (herrer)
Markus Høiberg, Oppdal Curlingklubb
Magnus Nedregotten, Lillehammer Curlingklubb
Torger Nergård, Snarøen Curling Club
Magnus Vågberg, Oppdal Curlingklubb
Steffen Walstad, Oppdal Curlingklubb

Curling (mixed double)
Magnus Nedregotten, Lillehammer Curlingklubb
Kristin Moen Skaslien, Lillehammer Curlingklubb

Freeski
Ferdinand Dahl, Ingierkollen Rustad Slalomklubb
Sandra Eie, Bærums Skiklub
Johanne Killi, Dombås Idrettslag
Christian Nummedal, Hakadal Idrettslag
Birk Ruud, Bærums Skiklub

Kombinert
Espen Andersen, Lommedalens Idrettslag
Espen Dalhaug Bjørnstad, Byaasen Skiklub
Jørgen Nyland Graabak, Byåsen Idrettslag
Jens Lurås Oftebro, Idrettslaget Jardar
Jarl Magnus Riiber, Idrettslaget Heming

Langrenn
Maiken Caspersen Falla, Strandbygda Idrettslag
Helene Marie Fossesholm, Eiker Skiklubb
Hans Christer Holund, Lyn Ski
Emil Iversen, IL Varden Meråker
Therese Johaug, Idrettslaget Nansen
Johannes Høsflot Klæbo, Byåsen Idrettslag
Simen Hegstad Krüger, Lyn Ski
Håvard Solås Taugbøl, Lillehammer Skiklub
Erik Valnes, Bardufoss og Omegn Idrettsforening
Heidi Weng, IL BUL
Lotta Udnes Weng, Nes Ski
Tiril Udnes Weng, Nes Ski

Skiskyting
Johannes Thingnes Bø Markane Idrettslag
Tarjei Bø Markane Idrettslag
Vetle Sjåstad Christiansen Geilo Idrettslag
Tiril Kampenhaug Eckhoff Fossum Idrettsforening
Ida Lien Simostranda IL
Sturla Holm Lægreid Bærums Skiklub
Marte Olsbu Røiseland Froland Idrettslag

Skøyter
Marit Fjellanger Bøhm, Stavanger Sandnes Skøyteklubb
Allan Dahl Johansson, Aktiv Skøyteklubb
Hallgeir Engebråten, Nord-Odal Idrettslag
Sofie Karoline Haugen, Sandefjord Skøiteklub
Peder Kongshaug, Stavanger Sandnes Skøyteklubb
Håvard Holmefjord, Lorentzen Fana Idrettslag
Bjørn Magnussen, Sportsklubben Falken
Sverre Lunde Pedersen, Fana Idrettslag
Kristian Gamme Ulekleiv, Gjøvik Skøiteklubb
Ragne Wiklund, Aktiv Skøyteklubb

Snowboard
Marcus Kleveland, Dombås Idrettslag
Mons Røisland, Bærums Skiklub

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.