Sport | 09. jan. 2016

Sverre har blitt sjuk

Sverre Lunde Pedersen har blitt sjuk og går ikkje EM i helga.

Sverre har blitt sjuk
Sverre Lunde Pedersen har blitt sjuk (foto: Reidar Langkjær)
Andris Hamrelørdag 09. jan. 2016 09:29

Sverre Lunde Pedersen var ein soleklar pallkandidat under helgas EM på skøyter i Minsk. Mellomanna har storfavoritt Sven Kramer uttalt at han såg på Sverre som den tøffaste konkurrenten. No kan Kramer puste letta ut, Sverre har blitt sjuk og går difor ikkje løpa.

– Sverre Lunde Pedersen har iløpet av natta blitt sjuk og må, i samråd med det medisinske støtteapparatet og trenerteamet, stå over helgas EM på skøyter i Minsk, skriv generalsekretær i skøyteforbundet Halvor Lauvstad i ei pressemelding.

Tette luftveier

Vidare i pressemeldinga fortel Lauvstad at Sverre har tette luftveier og er slapp

– Han har tette luftveier, forhøyet puls og er slapp, så han er satt på ein antibiotikakur frå imorges av.

– Sverre oppheld seg på løperhotellet i heile dag og vil i begrensa grad vera tilgjengeleg for media, heiter det i pressemeldinga.

Ser fram mot Stavanger

– Svært tungt å trekke seg frå helgas EM pga sjukdom. Ser framover no mot WC i Stavanger og VM allround og enkeltdistanser!, skriv Sverre på facebooksida si.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.