Sverre på pallen
Sverre Lunde Pedersen avslutta skøytesesongen med 3. plass i Stavanger.
Denne helga går skøyteløparane verdcupavslutning i Sørmarka Arena i Stavanger.
På laurdag blei han diska på 5000 meteren for å ha kryssa linjen som skiller indre og ytre bane på langsiden med heile skøyta fleire ganger.
På lagtempoen gjekk det derimot betre. Saman med Simen Spieler Nilsen og Sindre Henriksen gav han nederlenderane kamp, men det heilt ikkje heilt inn og det blei sølv på dei tre nordmenna.
Søndagens 1500 meter blei ein opptur for Lunde Pedersen. Med tida 1.46.61 gjekk han inn til sin første individuelle pallplass denne sesongen. Han blei nummer tre bak suveren Kjeld Nuis (1.45.00) og Patrick Roest (1.46.28).
– Det var gøy å få det til igjen. Eg er veldig glad og letta for å vera tilbake på pallen. Dette betyr mykje. Det er ofte avslutningane ein hugsar best. Det gjev masse motivasjon før neste sesong, sa Sverre Lunde Pedersen til NRK etter løpet.