– Svingte unna ein katt
Ingen blei skadd då denne bilen gjorde eit byks på Byvegen torsdag kveld.
Bildeserie:
Rundt klokka 20.10 torsdag kveld var det ei noko spesiell utfokjøring på Byvegen, ein bil hamna over autovernet og på tvers mellom autovernet og fjellveggen mellom Best-stasjonen og Stegen.
– Eg svingte unna ein katt, fortel føraren, som kom uskadd frå uhellet.
Føraren, ein mann i 40-åra, var åleine i bilen då den hamna utfor vegen.
Bilen, ein mindre Volkswagen, ser ut til å ha segla på autovernet for så å ha kjørt opp langs fjellsida retning Os sentrum før den stilte seg på tvers på gang- og sykkelvegen.
– Heldigvis var det ikkje folk på fortauet, seier føraren.
Politiet har rutinemessig testa føraren for promille.
– Vi har ikkje mistanke om promille. No vil vi bruka bilda og avstandar og vurdera kva som blir gjort vidare. Det ser førebels ikkje ut som om vi tar beslag i førarkortet, seier politibetjent Therese Berentsen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.