Meining | 03. nov. 2023

Leserbrev: Symjebassenget på Luranetunet foreslått stengt i budsjettet!

Fysisk aktivitet er ofte «topp tre» på lista over kva som er viktig når ein skal førebyggja.

Leserbrev: Symjebassenget på Luranetunet foreslått stengt i budsjettet!
Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy.
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesfredag 03. nov. 2023 15:46

Symjebassenget på Luranetunet foreslått stengt i budsjettet!

Denne meldinga nådde nyleg brukarane, vaksne, flest eldre, men også yngre som har trong for dette tilbodet.

Det gjeld personar som har stor helsegevinst ved å kunne trene i bassenget ein gong i veka under kyndig rettleiing.

Til ei kvar tid gjeld det 8 grupper med inntil 10 personar i kvar gruppe. Alle som trenar, betaler ein eigenadel for timane.

Det er sjølvsagt også andret grupper som trenar her!

I passe temperert vatn går me gjennom øvingar som betrar styrke, smidighet, uthald, koordinasjon, balanse, mm. Me som trener i bassenget har ulike utfordringar. Det er difor me er her.

Me tillet oss å vera litt meir spesifikke når det gjeld argument for å halde i gong denne treninga som utan tvil er med å gje auka livskvalitet:

  • Fysiske: Varmt vatn kan hjelpe med å lindre leddsmerter, auke fleksibiliteten og forbetre sirkulasjonen. Dette er mellom anna viktig for dei som har artrose, leddgikt eller andre muskel og skjelettplager. Dette gjev høve til å vera aktiv trass i bevegelsesproblem.
  • Mentale: Symjing og øvingar i vatn kan ha positiv effekt på den mentale helsa. Det kan mellom anna redusere stress, gje betre kjensle av velvære og auke søvnkvaliteten. Dette er svært verdifullt for eldre som kjenner på depresjon og einsemd.
  • Sosiale: Gjev eldre høve til å delta i eit fellesskap med likesinna. Det kan bidra til å bekjempe isolasjon og einsemd.
    Førebygging: Øvingar i vatn kan bidra til betre balanse og styrke. Dette kan vidare vera med å hindre unødvendige fall og påfølgjande skader.

Viktig førebygging

Fysisk aktivitet er ofte «topp tre» på lista over kva som er viktig når ein skal førebyggja både sjukdommar og helseplagar av fysisk og/eller psykisk art.

Døme på dette er demens, hjarte- og karsjukdommar, leddgikt, diabetes, høgt blodtrykk, høgt kolesterol, angst.

Som del av opptrening etter operasjonar har denne treninga god effekt. Då er det kunnskapslaust å legge ned eit slikt tiltak.

Ein konsekvens ville heller vera å auke kapasiteten i bassenget.

Referert frå Os&Fusaposten om nedlegging av sjukeheimsplassar:

«Føremålet er å frigjera ressursar, og skapa handlingsrom for å styrkja tenester lengre ned i omsorgs-/innsatstrappa slik at flest mogleg kan klara seg i eigen bustad lengst mogleg.»

Dersom politikarane meiner å legge til rette for at eldre skal bli buande i heimen i nokre ekstra år for å minske behovet for sjukeheimsplassar, legg dei ikkje ned bassengtreninga på Lurane!

Nedlegging blir som å «tisse i buksa for å halde varmen».

Ein sparar kanskje nokre kroner på kort sikt, men det kjem til å bli dugeleg «kaldt» til slutt!

Eitt av motargumenta som kjem, er at me kan bruke Osbadet.

For svært mange av brukarane av terapibassenget, er ikkje vatnet i tilsvarande basseng i Osbadet tilsvarande varmt.

I tillegg er det mange eldre som kvir seg fordi det er meir støy for dei der, noko som gjer det vanskeleg å vera der.

Me håper at mange får nytta terapibassenget på Luranetunet i framtida!

Med helsing

Brukargruppe i bassenget på Lurane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.