Næringsliv | 01. feb. 2011

- Synd for bransjen

Askeladden Boats blir ikkje råka av Lunde-konkursen, men for Askvik privat ser det ikkje ut til å bli lett å få det han meiner han har krav på.

- Synd for bransjen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. feb. 2011 14:47

I går blei det opna konkurs i Lunde Marine Group AS. Askeladden-fabrikken Askeladden Boats AS blir ikkje råka av konkursen.

- Mange aviser skriver at Askeladden var blant merka Lunde var forhandlar for i forkant av konkursen. Det er uheldig, for det stemmer ikkje, seier medeigar og administrerande direktør i Askeladden Boats AS, Henrik Askvik.

Fram til hausten 2008 eigde Lunde tre Askeladden-forhandlarar, men etter at Askeladden Boats AS starta opp igjen den konkursramma Askeladden-fabrikken blei ikkje Lunde blant forhandlarane.

- Vi var i dialog med dei, men bestemte oss for ikkje å halda fram samarbeidet.

Lundes konkurs er likevel noko Askvik ser på som trist.

- Det er synd for bransjen og det er kjedeleg for alle som jobbar for Lunde. Vi har mange gode vennar blant dei tilsette, flinke folk som no risikerer å mista jobben.

Saksprosessen held fram
Henrik Askvik var også ein av tre eigarar i Henrik J. Askviks Sønner AS, Askeladden-produsenten som gjekk konkurs hausten 2008.

I etterkant blei han og ein av dei andre medeigarane, Georg Askvik, engasjert av Lunde for å selja dei over 240 båtane han hadde kjøpt frå konkursbuet.

Denne jobben skal dei ikkje ha fått betalt for, og for ei god veke sidan blei det kjent at Henrik og Georg går til sak mot både Johs Lunde Marine Group AS og Lunde Gruppen.

Henrik ser no sjansane som små for at dei får det dei meiner dei har krav på, 3 millionar kroner.

- Om vi vinn gjennom blir vi framleis ein av fleire som har krav til buet.

- Har de vurdert å trekka kravet, for å spara tid og pengar?

- Det er ikkje berre å hoppa av når saka har kome så langt. Prosessen går vidare, sjølv om motparten no er bustyrar, så får vi sjå kva den juridisk endar i, seier Henrik Askvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.