Kultur | 10. juli 2014

Syng med Bonnie Tyler i kveld

Førre torsdag var Eirik Søfteland med-programleiar i Allsang på Grensen, i kveld syng han duett med Bonnie Tyler.

Syng med Bonnie Tyler i kveld
Eirik saman med Bonnie Tyler. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juli 2014 18:12

Skal vi danse-vinnar og Idol-finalist i 2013, Eirik Søfteland frå Os, var førre torsdag tilbake på TV2, då som med-programleiar og på nokre låtar på Allsang på Grensen.

Også i kveld kjem han på skjermen.

– Dei ville ha meg med på eit program til, og under innspelinga onsdag fekk eg synga duett med Bonnie Tyler.

Tyler (63) toppa hitlistene i England med «Total Eclipse of the Heart», som dei to i kveld syng saman.

– Eg har framført låta før, med partybandet Turbostipend frå Bergen. Men då gjekk eg med rosa tights og glitterskjorte.

– For Bonnie, som eg åt middag med på tysdag, dressa eg meg naturlegvis meir opp. Ho er ei koseleg og fantastisk dame med fleire låtar som eg liker veldig godt, seier Søfteland.

Om det blir fleire innslag med Eirik på Allsang på Grensen er førebels uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.