Musikk | 24. apr. 2023

Syng nye songar i håp om å hjelpa andre

Anna Neset held gratis intimkonsert i Solbakkestova.

Syng nye songar i håp om å hjelpa andre
Anna har byrja å skriva låtar på norsk. Onsdag deler ho noko av det nye repertoaret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. apr. 2023 19:04

I 2016 debuterte Anna Neset med «Under the Same Sun».

I juni i fjor kom ho med sitt andre studioalbum, «You Can’t Give Up».

No er ho klar med nytt materiale. På norsk.

– Sidan sist har eg byrja å skriva på norsk, og eg har blitt veldig glad i det. Derfor hadde eg lyst å laga ein konsert med noko av dette nye repertoaret, seier Neset.

Ho har fått med seg musikarane Solfrid Harstad Hernes på piano, Arne Hernes på bass, Anders Skaldebø på trommer, Dag Roness på gitar og Heidi Skåtøy Pedersen på kor.

– Musikksjangeren er i gata «visepop», trur eg, ein sjanger med tekst i fokus.

Konserten blir halden i Solbakkestova førstkomande onsdag, og har fri entré.

Med mål om å samla inn pengar

Saman med dei ho har med seg, ønskjer Anna å samla inn litt støtte til organisasjonen «Mental Helse Ungdom».

– Eg er veldig opptatt av psykisk helse. Det er så viktig, og det er noko vi alle treng å ta vare på.

– Det er altfor mange som ikkje har det greit, og dei fleste har sine ulike kampar gjennom livet, i ulik form og grad.

– Mange strevar med einsemd og utanforskap. Eg veit at det arbeidet mange frivillige organisasjoner gjer, blant anna med sosiale aktivitetar, samtalar og hjelpechattar, kan vera livreddande for fleire.

Noko meiningsfullt

Neset meiner alle treng menneske som ser og lyttar, og alle treng å høyra til ein plass og å kjenna at dei og det dei gjer betyr noko.

– Av og til treng menneske hjelp til å finna desse tinga. Eg har eit stort ønskje om å finna måtar å kunna bidra litt på, sjølv om det berre blir ein drope i havet.

Neset er openhjarteleg også om sin eigen situasjon.

– Eg har òg mine kampar. Per i dag har eg ganske begrensa kapasitet, og kan ikkje delta i ordinært arbeid.

– Men eg prøver å bruka musikken meir, og håper at eg også kan bidra med den.

– Musikk er som ein viktig medisin for meg. Det gir meg ro og meining. Å skriva tekstar hjelper meg til å prosessera og setja ord på tankar og kjensler. Som ein slags ventil eg trenge i livet.

– Og så gir det ei kjensle av samhald å jobba inn låtar med andre, og å føla seg litt som ein del av samfunnet. Det er veldig godt å kjenna på.

Ho håper både at nokon vil koma til Solbaken for å lytta, og at nokre i publikum vil bidra med litt støtte til «Mental Helse Ungdom».

– Forhåpentlegvis kan vi saman spreia litt varme, kjærleik og god stemning, seier Neset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.