Helse | 11. apr. 2024

Syntetisk opiat: Politiet åtvarar etter dødsfall

– Vi snakkar om eit svært potent stoff med stor fare for overdose.

Syntetisk opiat: Politiet åtvarar etter dødsfall
Vest politidistrikt åtvarar etter dødsfall i Sunnfjord. (Foto: Nora Flatseth Trippestad)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 11. apr. 2024 07:24

Vest politidistrikt sendte onsdag ut ei pressemelding kor dei åtvara om farlig stoff i omløp.

Dette skjedde etter at eit dødsfall i Sunnfjord blei knytt til det narkotiske stoffet.

Politiet erfarer at eitt forhaldsvis nytt, og hittil lite kjent, syntetisk opiat som heter Metonitazen er i omløp i distriktet.

Det er ukjent kor mykje Metonitazen som er i omløp eller kor utbreidd det er.

Svært potent

Det er fare for livstrugande forgifting, pustestans, overdose og død ved bruk.

Alle former av dette stoffet er ulovleg i bruk i Norge.

– Vi veit lite om inntaksform. Det kan vera pensla utanpå andre stoff, som tablettar eller likande. Vi veit lite om korleis den avdøde inntok det, fortel politiinspektør Wenke Hope.

Ho fortel at stoffet kan vera blanda med andre stoff.

– Vi snakkar om eit svært potent stoff med stor fare for overdose. Det er små konsentrasjonar som skal til.

Kva kan du gjera dersom nokon får ein overdose?

  • Ring ambulanse: 113.
  • Start hjarte- og lungeredning:
    30 brystkompresjoner og 2 innblåsninger.
  • Gi nalokson nesespray (motgift) dersom du har det. For sterke opioider kan fleire flasker være nødvendig.
  • Hold på med hjarte- og lungeredning til ambulansen kjem, eller personen puster normalt.

Har gjort beslag andre stadar

Det er ikkje berre i Sunnfjord at stoffet er i omløp, også Vesterålen i Nordland og Steinkjer i Trøndelag har hatt fleire tilfelle der stoffet er blitt oppdaga.

I desember 2023 fortalte politiadvokat Ole Tunet til NRK, at han oppfordra folk om å vera observante.

– Det nye stoffet på marknaden er 100 gongar sterkare enn morfin.

Ifølge Kripos sin dop- og narkotikastatistikk var det fire beslag av nitazener i Norge i 2022 og 14 beslag i 2023.

Beslaga frå i fjor var gjort i Oslo, Øst, Sør-Vest og Troms politidistrikt, og omfattar tre ulike narkotiske stoff: metonitazen, protonitazen og metonitazepyn.

– Beslaga har vore tablettar av ulike typar, væske på augedråpe- og nasesprayflasker, pulver og kapslar, skriv Kripos.

Har overtatt ein stor del av den illegale marknaden

På Rusopplysningen sine heimesider skriv dei at syntetiske opioider dei seinaste åra har overtatt ein stor del av det illegale opiodmarknaden og fortrengt heroin i mange land.

Ein stor del av desse er lovleg produserte legemidlar, men ein ser i fleire land også ei aukande forekomst av illegalt produserte syntetiske opioider som aldri er blitt tatt i bruk medisinsk.

Rusopplysningen har òg laga rusvettreglar for å prøva å gjera folk meir merksame og kristiske når det kjem til valet om å rusa seg - særleg når det gjeld illegale rusmidlar.

Rusvettreglane

  • Vit mest mogleg om innhaldet i rusmidlane du inntar. Bruk gjerne hurtigtestar, men hugs at dei kun gir ein peikepinn.
  • Visst du tar noko du er usikker på innhaldet av, bør du ta ein svært liten dose og deretter sjå an virkninga. Merker du ingenting, eller kjennest virkninga feil, skal du ikkje ta meir.
  • Les deg opp før du prøver eit rusmiddel for første gong, og start med ein svært liten dose. Din tryggleik er ditt ansvar!
  • Viss du har ein diagnose eller går på medisin, må du finna ut om dette kan påverka rusmiddelet si virkning.
  • Vær svært varsam med rusmidler du reagerer heilt annleis på enn dei rundt deg.
  • Bestem deg for kva du skal ta mens du er edru. Unngå å ta avgjerd om rusmiddelbruk mens du er ruspåverka.
  • Vær svært varsam med blandingsrus. Kombinér aldri fleire sentraldempande, fleire sterke sentralstimulerande eller MAOI-stoffar og sentralstimulerande med kvarandre.
  • Ikkje bruk rusmidlar i utrygge omgjevnadar eller med folk du ikkje stolar på.
  • Vær særleg varsam med rusmidlar dersom du er under 20 år.
  • Ved mistanke om overdose eller annan bekymringsfull reaksjon: Ring 113!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.