Kultur | 24. juni 2011

- Ta huset i bruk

Festivalguide: Osøren blues og jazzfestival er i gong. På tre scener skal det trøkkast til i helga.

- Ta huset i bruk
Andris Hamrefredag 24. juni 2011 16:07

I den nye seksæringen til Oselvarverkstaden spelte Olav Unneland inn publikum inn frå osøyro til Oseana fredag ettermiddag.

Vel inne i huset kunne festivaldirektør Gunnar Nagell Dahl og ordførar Terje Søviknes ønska velkomen tilbake til Mobergsneset før spelemannsprisvinnerane BillyT Band gjekk på scena for å halde gratis opningskonsert.

- Velkommen tilbake til Mobergsneset, både dykk som er publikum og dykk som arrangerar festivalen.

- Ta huset i bruk, helsa ordførar Terje Søviknes.

- Hittil har det vore omlag 9000 innom Oseana, eg håper og trur vi når målet om å passere 10.000 innan helga er omme.

Midtsiden.no vil følgje festivalen gjennom heile helga.

- Før det brakar laus kl 20.00 med Papa Slide Band i Vargasalen og Osøren Jazzensamble i foajeen kan det vere nokre ting som er kjekt å veta for publikum, seier festivalleiar Gunnar Nagell Dahl.

Festivaltips:

  • Parker på Os, ved essoen, vognhallen, rådhuset eller kyrkjetunet. Det er ikkje plass ute ved Oseana.
  • Houvdinngangen vil vera stengd sidan scena i foajeen står rett ved siden av den. Bruk inngangen mot Mobergsvikjo.
  • For å unngå for mykje kø i barane selgest det bongar i festivalshopen i foajeen. Både kort og kontantar kan nyttast. Ein kan ikkje betale direkte i baren.
  • Det er 4 barar du kan nytta bongane i. 2 i Oseanasalen, 1 i Vargasalen og 1 i foajeen.
  • Det er satt opp ekstra toalett utanfor Oseana mot Mobergsvikjo. Ikkje bruk vikjo til å gjera ditt fornødende.
  • Det seljast ikkje billettar til enkeltkonsertar. Festivalpass for fredag, lørdag eller båe dagane blir seld i festivalshopen.
    • Det er framleis festivalpass att.
    • Cruisebillettar til dei siste cruisa med Midthordaland fredag og laurdag, samt 10-cruiset laurdag kan kjøpast ved ombordstiging.
  • Laurdag blir det gratiskonsertar/jam på terrassen framfor Oseana frå kl 12.

Kven som spelar kvar og når finn du her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.