Lokal | 22. apr. 2015

– Ta nabopraten

Plan- og utviklingssjef Aina Tjosås med klar oppmoding til osingane. – Les samfunnsplanen, diskutér med naboen og gje oss tilbakemeldingar!

– Ta nabopraten
Korleis er det i Os i 2040 undra plan- og utviklingssjef Aina Tjosås som oppmoda osingane om å komma på banen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. apr. 2015 10:54

Tysdag inviterte Os kommune til folkemøte om samfunnsdelen i kommuneplanen. Ein plan som skal strekka seg heilt fram mot 2040. Byplanleggjar og arkitekt i Arendal Kommune, Michael Fuller-Gee, innleia med å gje innspel og tips om kva suksesskriteriar som ligg til grunn for ei vellukka utvikling av eit sentrum og lokalsamfunn.

– Kva er konsekvensane av dei vala vi skal ta, undra Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i Os kommune då ho kort presenterte planen som no ligg til offentleg ettersyn.

Kort og lettlest

Planen omfattar tema som overordna planer, folkevekst, etikk og samfunnsansvar, berekraftig utvikling, folkehelse og universell utforming.

– VI har freista å gjera den så kort og lettlest som mogleg.

– Målet var å halda den på 25 sider, men fylkemannen krevde eit kart, så då blei den på 27.

– Det er ikkje meir enn de klarar å lesa etter "Nytt på nytt" på fredagskvelden.

– Eller enno betre, invitér naboen over og ta nabopraten om korleis de vil at Os skal utvikla seg, oppmoda plan- og utviklingssjefen.

– Ikkje kom i etterkant

Noko av utfordringa til kommunen er nemleg å få osingane til å engasjera seg i dei kommunale planane. På folkemøtet var oppmøtet bra, men om ikkje Midtsiden tek heilt feil var 80-90 % av dei som var der anten tilsett i kommunen eller på ei av dei ni politiske listene til kommunevalet.

– Folk skal ha eit godt liv der dei bur, men då er vi avhengige av å høyra deira meining.

– Ikkje kom sutrande i 2017, om de ikkje grip sjansen no, sa ei befriande frittalande Tjosås, som samstundes gav skryt til 10. klassingane sitt engasjement.

– Dei har veldig mange kvalifiserte meiningar og er reflekterte.

– No må resten av osingane vera det same.

Her kan du lesa planen (lenkje til kommunen si side).

Frist for å koma med innspel til kommunen er 4. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.