Kultur | 10. feb. 2010

To talent i kyrkja

Sundag blir det konsert med Ingrid Søfteland Neset og Hanne Sommerfelt i Nore Nest kyrkje.

To talent i kyrkja
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. feb. 2010 02:01

Musikk i Kyrkja
Konsert med Ingrid Søfteland Neset og Hanne Sommerfelt

Det unge fløytetalentet Ingrid Søfteland Neset (17) frå Os gjorde eit sterkt inntrykk då ho heldt konsert i Nore Neset kyrkje for eit par år sidan i serien Musikk i kyrkja. Sidan den gongen har ho gjort yttarlegare musikalske framsteg og ho har motteke ei rekkje store stipend for unge talent, m.a. Drømmestipendet og Sparebank1 SR bank sitt G9alt-stipend. I tillegg har ho markert seg sterkt på nasjonalt nivå som vinnar av Ungdommens Musikkmesterskap 2009, der ho vart kåra til Årests Musikar.

Sjå filmsnutt av Ingrid Neset då Oseana fekk grunnstein og Ingrid fekk kulturstipend.

Sundag 14. februar klokka 20 held ho konsert att i Nore Neset kyrkje og på denne konserten tek ho med seg veninna Hanne Sommerfelt (15), som òg er eit stort fløytetalent. Ho deltek i Griegakademiets program for utvikling av særskilt lovande talent og har m.a. delteke i ein internasjonal fløytekonkurranse i Frankrike, og vore solist med fleire symfoniorkester.

Saman har Ingrid og Hanne gjennom prøvespel vorte godkjende til å vera solistar med Bergen Filharmoniske Orkester som duo.

På konserten i Nore Neset kyrkje får vi m.a. høyra verk av F. Kuhlau, J.S. Bach,F. Poulenc og A. Khachaturian, som vert presenterte i ulike kombinasjonar med ei eller to fløyter og piano. Som akkompagnatør har jentene med seg den anerkjende pianisten Anne Nitter Sandvik som har utdanning frå Griegakademiet i Bergen og Utrecht i Nederland og er ein mykje brukt solist og akkompagnatør med base i Bergen.

Gå ikkje glipp av dette eineståande høvet til å høyra Osbygda sitt store fløytetalent på heimebane!

Ruth Elin Midtbø

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.