Nore Neset ungdomsskule 09.02.16

Talentfulle ungdomar

Fame. Spørs om ikkje det blir framtida for fleire av elevane ved Nore Neset ungdomsskule, som imponerte med musikalen «... remember my name ...».

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kari M. Lyssand

– Vi ser på denne dagen som premieren og måndagen var generalprøven, fortel Anne Leni Sæbø før tysdagens framsyning.

Saman med mannen Terje Neset står ho bak ideen, manuset og arrangementa til «... remember my name …», som er basert på den verdskjente musikalen «Fame».

Måndag var første av fire framsyningar, men det var og første gong dei framførte på scenen saman med orkester.

– Det gjekk veldig bra i går og, men vi hadde litt småfeil, fortel Neset.

Rundt 70 ungdomar var klare til å få vist det dei har arbeida med sidan september i fjor i valfaget «Sal og scene». Elevane er med som dansarar, songarar, teknikarar og musikarar.

– Og så har elevane i faget «Produksjon av varer og tenester» laga scene og rapo til følgespoten.

Før framsyninga og i pausen kunne ein ta ein tur i kafeen eller vandra rundt i kunst- og handtverksutstillinga frå elevar på skulen.

Rørte Neset

Musikalen har handling som i Fame, om livet ved New York High School of Arts, der unge menneske kjem med draumen om å bli skodespelarar, dansarar eller musikarar.

Dei må på audition, møter strenge lærarar og vi følgjer dei på opp- og nedturar fram til slutten av skuleåret.

Elevane ved Nore Neset imponerte stort med song, koreografi, beat-boxing, gitarsolo og skodespelartalent. Det var tydeleg at dei trivst på scenen i aulaen og dei heldt ikkje noko igjen.

Etter show nummer to var over var det ein rørt Terje Neset som var tydeleg stolt over ungdomane «sine».

– Eg har nesten ikkje ord, dette var vanvittig bra!

Fekk ekstra rolle same dag

Ein av skodespelarane i musikalen, Kristiane Møller, fekk ei litt uventa rolle på kveldens framsyning. Ei anna jente, som hadde ei stor rolle i musikalen, var blitt sjuk og Kristiane måtte på sparket ta hennar rolle i tillegg til si eiga.

– Sjølv om eg ikkje hadde øvd så var eg ikkje nervøs, og det gjekk veldig fint.

Ho er no tiandeklassing og dette var siste året ho får vera med på skulemusikalen.

– Det er trist at dette er siste gongen, eg har vore med alle dei tidlegare åra.

No gler ho seg til onsdag og torsdag og dei to siste framsyningane.

– Det kjem berre til å bli betre og betre.

Har du enno ikkje fått tatt turen og sett nokre av dei talentfulle ungdomane vi har i bygdo så har du framleis ein sjanse dei neste dagane.

Fleire saker