Sport | 14. apr. 2019

Tap i serieopninga for Os-herrane

Det vart ikkje mykje å jubla over på Kuventræ i går - Stord tok sigeren med 1-0 over Os.

Tap i serieopninga for Os-herrane
Tung serieopning for Os på Kuventræ i går - Stord reiste heim med 1-0 i bagasjen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 14. apr. 2019 18:01

Bildeserie:

Os var frampå fleire gonger i dei første 20 - utan å lukkast. (Foto: KOG)
Os var frampå fleire gonger i dei første 20 - utan å lukkast. (Foto: KOG)
I det 20. minuttet kom situasjonen som gav Stord sigeren. (Foto: KOG)
I det 20. minuttet kom situasjonen som gav Stord sigeren. (Foto: KOG)
Surt for Os (Foto: KOG)
Surt for Os (Foto: KOG)
Kjekt for Stord. (Foto: KOG)
Kjekt for Stord. (Foto: KOG)
Os var frampå mot slutten av kampen - utan at ballen gjekk i mål. (Foto: KOG)
Os var frampå mot slutten av kampen - utan at ballen gjekk i mål. (Foto: KOG)
Serieopninga trakk mykje folk til Kuventræ. (Foto: KOG)
Serieopninga trakk mykje folk til Kuventræ. (Foto: KOG)
Stord-keeperen si skoknyting i sluttminutta vart møtt med pipekonsert. (Foto: KOG)
Stord-keeperen si skoknyting i sluttminutta vart møtt med pipekonsert. (Foto: KOG)
1 av 7

Etter den oppmuntrande treningskampen, og siger over 2.divisjonslaget Sotra førre veke, såg Os-trenar Endre Brenne positivt på serieopninga mot Stord denne helga.

I gårdagens kamp måtte Brenne klara seg utan tomåls-scorar frå treningskampen mot Sotra, Mats Cato Moldskred. Same mannen var òg toppskårar for Os i fjorårssesongen.

Stord stilte utan to av sine kvassaste spelarar, som begge var ute med karantene etter raude kort i NM-kvalik for nokre dagar sidan.

Sjå òg: SakkoSekkStudio: Os mot Lysekloster

Os tøffa seg først - så kom smellen

Dei første ti minutta var av det jamne slaget.

Dei neste ti minutta var prega av at Os pressa Stord godt, og kom til fleire gode sjansar.

Dette snudde brått då Stord i det 20.minuttet brått scora i ein situasjon som truleg kom like overraskanda på begge laga; ei kjapp vending av ein Stord-spelar inne i Os sitt felt, eit skot og litt fomling - og Os låg under 0-1.

Kald gufs og kjedeleg 2.omgang

Dei siste 45 minutta vart prega av ein sur og kald vind for publikum.

Ute på grasmatta var det ikkje mykje å skriva om heller; Os glimta til her og der, men dei fleste angrepa kokte vekk i lange oppbyggingar.

I det 77. minuttet var Os farleg nær scoring etter ein corner, og i dei siste speleminutta jaga osingane hardt utlikning, men sigeren gjekk til Stord.

Os - Sotra 0-1 (0-1)

Målscorar: Ole Kallevåg, Stord

Os: Chris Sunde Midtun, Anders Havsgård, Alexander Dale, Carlos Mendes, Vegard Skeie, Rune Åsheim Mo, Marius Mikkelsen, Jonas Fagerbakke Hovland, Fabian Bødtker, Steffen Kvamsdal, Roger Ekeland.

Spelarbytte Os: Jonas Fagerbakke Hovland ut - Rafael Villen inn (61. min.), Anders Hjelle Havsgård ut - Torgeir Lunde inn (77. min.)

Gule kort Os: Alexander Dale (73. min.)

Neste kamp for Os er borte mot Bergen Nord mandag 22. april. Laurdag 27. april vert det storkamp på Kuventræ når Lysekloster kjem på besøk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.