Sport | 06. sep. 2014

Tapte i Haugesund

Lysekloster gambla for å få full pott, i staden blei det null poeng på bortebane.

Tapte i Haugesund
Joakim Hjelmeland skåra Lysekloster sitt einaste mål i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 06. sep. 2014 22:34

Lysekloster jaktar på opprykk og kunne ha klatra innpå både Odda på 1. plass og Sotra på 2. plass, som spelte uavgjort mot kvarandre i dag.

I staden gjekk det frå 0-1 til 2-1 borte mot Haugesund 2, som Lysekloster slo 1-0 heime i vår.

Haugesund 2 - Lysekloster 2-1 (0-1)
Målskårar, Lysekloster: Joakim Hjelmeland

Lysekloster (4-4-2): Chris Sunde Midtun - Baste Jonassen, Sigve Rørstad, Knut Eriksen Eide, Preben Skorpen - Johannes Jordal, Joakim Hjelmeland (Mattias Høiland), Simen Birkelund, Endre Hansen (Jens Aase)- Steffen Finsådal (Stefan Mauricio Bernsen), Preben Borgen.

– Vi hadde to store sjansar rett etter pause òg, men etter dette gjekk lufta litt ut av oss.

– Vi klarte ikkje å halda presset høgt, slik vi liker, og det såg ut til å stressa oss. I tillegg var kanskje det å spela på gras litt uvant og tungt, seier trenar Torbjørn Birkelund.

– Stilte Haugesund ekstra sterkt i dag.

– Eg la merke til at dei hadde ein god keeper og to gode spissar, men dei har nok stilt med både betre og svakare lag enn dette.

– Etter noko ubesluttsamt spel i forsvaret vårt kom dei seg gjennom og utlikna. Og då vi frå sidelinja prøvde å koma i leiinga igjen, og flytta ein midtstoppar fram, fekk vi ei kontring imot og mista i staden det eine poenget.

Odda toppar med 42 poeng, Sotra og Lysekloster er på dei to neste plassane med 40 og 35 poeng. Os ligg på 5. plass med 35.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.