Sport | 16. jan. 2017

Tapte for Stryn

– Vi klarte oss greit med redusert mannskap, seier Husebø etter den poenglause turen til Nordfjord.

Tapte for Stryn
Kenneth Husebø synest herrelaget gjorde det bra borte mot sterk motstand. Laurdag er det heimekamp. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. jan. 2017 09:53

Herrelaget til Os var søndag i Stryn for å spela mot laget over seg på tabellen.

Oppgjeret mellom 2. og 3. plassen blei jamt.

– Vi fekk nokre skadar på siste trening, i tillegg hadde andrelaget kamp laurdag, der det òg blei nokre spelarar som gjorde seg utilgjengelege for denne turen, fortel trenar Kenneth Husebø om utgangspunktet.

Stryn - Os 36-32 (16-16)

Trygve Lerch Dahl, Arne Veim Haugland og Alexander Heggø var blant dei som var igjen heime.

– Likevel klarte vi oss bra, leia med tre mål, men blei innhenta til pause. I andre omgang fekk vi to raske utvisingar og blei liggande 1 til 3 mål bak og seinare 3-5 mål bak.

– Alt i alt er eg nøgd med gutane, dei spelte disiplinert og godt mot ein sterk motstandar, seier Kenneth om årets første kamp.

Laurdag er det heimekamp mot Årstad, som ligg på 7. plass.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.