Jakt, fiske og natur | 06. des. 2023

Tar beslag i alle humrane til Søviknes

– Ein megatabbe, seier ordførar etter at Kystvakten og Fiskeridirektoratet måndag var på kontroll.

Tar beslag i alle humrane til Søviknes
Søviknes etter ein god første fangstdag i 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. des. 2023 18:19

Ordførar Terje Søviknes, som var yrkesfiskar i ungdomen, har vore ein ivrig hummarfiskar kvar sesong.

Til no har han følgd reglane og unngått merknadar når det har vore kontroll, men denne jula må han by venane sine på noko anna enn det som var sjølvfiska.

– Søviknes er tatt i hummarkontroll, skriv VG og fleire andre norske media i dag.

Ordføraren har ikkje fiska ulovleg, men han har heller ikkje meldt inn kor mange humrar han har i samleteina innan frist.

1. desember er nemleg sesongen over, og dei som sparer opp hummar til jul må rapportera inn desse før fisket er over.

– Ein megatabbe! seier Søviknes til VG.

Han må finna seg i både beslag av 30 humrar og straffereaksjonar som ventar.

– Eg avslutta fisket i starten av november. Det har vore ein travel budsjetthaust, og eg har rett og slett gløymd å rapportera inn, forklarer han.

Midtsiden har foreløpig ikkje lykkast i å nå Søviknes på telefon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.