Sport | 17. feb. 2010

Tar dag for dag

Haugsdal har levert i to treningskampar på rad. Sjølv tar han seriestart om drøye tre veker med knusande ro.

Tar dag for dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. feb. 2010 09:09

Bjarte Haugsdal har fått mykje merksemd før og etter treningskampane mot Løv-Ham og Hønefoss. I fjor måtte han venta til siste del av siste kamp før han fekk debutera i Tippeligaen, no har han spelt frå start i to treningskampar på rad.

- Kvar får du energien frå? spør Ørjan Håland i Brann-TV i intervju med Haugsdal etter kampen der Brann slo Hønefoss 1-0. Håland meiner sambygdingen jobbar som det klaraste eksempelet i Bergen for tida.

SJÅ INNSLAGET HER

- Fint med fulltid
Til Midtsiden.no fortel Bjarte at han merkar stor forskjell på å spela fotball ved sida av skule, og det å trena og spela på fulltid, slik han har gjort sidan i haust.

- I tillegg til sjukdom og skade var det travelt med eksamen og lesing i fjor vår, seier Haugsdal, som gjekk siste året på fotballgymnaset i Åsane i fjor.

No har han verken skule eller deltidsjobb å konsentrera seg om. Berre fotball.

- Det høyres kanskje ut litt trening og elles late dagar, men vi har to økter for dagen fleire dagar i veka. i tillegg prøver eg å driva ei viss mengd eigentrening. Kvile og sunn mat er også viktig.

Nøgd defensivt
Bjarte har stort sett spelt spiss og kant for Os og seinare Brann 2. I kampen mot Løv-Ham spelte Bjarte sentral midtbane.

- I starten var det litt uvant, spesielt offensivt. Du har litt fleire alternativ å velja mellom når du spelar midt på banen, det brukte eg litt tid på å venna meg til.

- Men defensivt føler eg at eg gjorde det bra. Der vann eg ein del ballar og er ganske nøgd med eigen innsats.

- Det er no det startar
Etter kampen mot Hønefoss førre veke venta både applaus, autografskriving og skryt frå trenarane.

- Bjarte viser at han er i ferd med å ta steget inn i Tippeligaen, det er no det startar for han, seier assistenttrenar Rune Skarsfjord.

I dag reiste Bjarte og Brann til La Manga for å trena og spela treningskampar i intern cup på den spanske austkysten. Laurdag er det tre veker til seriestart, 13. mars mot Haugesund.

- Kva tenker du om at denne våren kan bli veldig forskjellig frå våren 2009, med auka tillit og kanskje ein god porsjon speletid med A-laget?

- Sjølv om vi har framskynda seriestart til 13. mars er det framleis lenge til. Vi har mange treningar og minst tre treningskampar på La Manga før alvoret byrjar, så eg konsentrerer meg førebels berre om å gjera det best mogleg frå dag til dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.