Samferdsle | 08. des. 2015

Tar E39-måling med drone

To firma frå Bergen skal henta måledata frå Svegatjørn-Rådal til Statens vegvesen.

Tar E39-måling med drone
Samnøy og Medvec har brukt drone i målearbeid halvtanna år, og slike hjelpemiddel er no for full fart inn i geomatikk-bransjen. (Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. des. 2015 19:26

E39 Svegatjørn-Rådal inneheld to av dei største vegkontraktene i landet, noko som stiller store krav til Statens vegvesen, som følgjer opp med kontroll av entreprenørane sitt arbeid.

– Dette gjeld og innan fagfeltet for berekning av fysiske mengder ute i dagen og i tunnelane, og utarbeiding av målebrev, skriv Statens vegvesen.

Vegvesenet har engasjert eit rådgjevingsselskap som skal skaffa datagrunnlaget innan geomatikk, og nokre av dataene blir henta inn med drone.

– Det er arbeidsfelleskapen Veseth AS og Hawkeye AS i Bergen som har fått oppdraget. Dei kom i gang i haust og er å sjå ute i anleggsområdet så snart veret ikkje er for krevjande.

Den tysk-produserte dronen er utstyrt med kamera for stillfoto og bilda gir grunnlag for terrengmodellar. Hawkeye har drive med drone i halvanna år. Teneste-oppdraget skal utførast fram til utgangen av 2020 med opsjon på forlenging eitt år om gongen i to år.

Sjå òg Midtsiden sitt webkamera ved Svegatjørn og samleside E39 Svegatjørn-Rådal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.