Kultur | 28. nov. 2018

Tar to gjestekor med seg i kyrkja

Nornekoret syng tradisjon tru i Os kyrkje søndag. Her er årets gjesteartistar.

Tar to gjestekor med seg i kyrkja
Nornekoret, her under konserten i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. nov. 2018 21:33

Søndag 2. desember vert det konsert med Nornekoret og gjestar i Os kyrkje.

Nornekoret har i fleire år halde julekonsert 1. søndag i advent, og kvart år inviterer dei med seg ulike gjestar.

Sjå video frå julekonserten i 2017

– I år er det Os Kammerkor og Os Mannskor som vert med og deler flotte julesongar med oss, fortel Tove Tvedt Skarstein frå Nornekoret.

– Vi kan lova stor variasjon i korsongen. Saman med oss har vi også unge musikarar, som både vil vere del av bandet vårt, men òg ha eigne solonummer, Vibeke Nordtveit på trompet, Sune Dommersnes og Josefine Hansen Bøe på gitar.

Kapellmeister og pianist blir Åsmund Brekke.

– Nytt høvet til å få med deg ein tradisjonell julekonsert i kyrkja, kjenn på den gode julestemninga og syng gjerne med!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.