Os Fotball A-lag | 06. sep. 2021

Tar imot Lysekloster med styrkt stall

Viktor Mendonca Wikheim er speleklar for Os.

Tar imot Lysekloster med styrkt stall
Endre Brenne byr på ny kiosk og ny midtbanespelar når dei tar imot Lysekloster i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. sep. 2021 11:41

Os tar i kveld imot Lysekloster til derby i 5. serierunde. Kampstart er klokka 18.

– Vi har ikkje hatt førehandssal av billettar, men har ekstra mange billettseljarar ute, og det er også mogleg å koma inn frå Ulvenvatnet-sida av tribunen, ved utstyrsgarasjen, seier dagleg leiar og hovudtrenar Endre Brenne.

Tribunen er delt i tre og har kapasitet for til saman 600 publikummarar.

– Eg vil oppmoda folk som vil sjå kampen å koma litt tidleg, og å visa tolmod på veg inn.

Den nye kiosken har sin første opningsdag i dag.

Sportsleg kan det også henda at vi får sjå noko nytt.

89 kampar i PostNord-ligaen

Os har nyleg signert ein ny spelar, Viktor Mendonca Wikheim.

Wikheim har 47 kampar for Strømsgodset 2 og 42 for Kjelsås, begge laga i PostNordligaen.

Han er bror til Gustav Mendonca Wikheim, som gjekk til belgiske KAA Gent i 2015 og vidare til FC Midtjylland og Al-Fateh i Saudi-Arabia.

Viktor er også halvbror til Lars Mendonca Fuhre, som hadde 51 kampar for Aalesund og 32 for Mjøndalen før han gjekk til Asker.

– Rask og teknisk god

Os fekk kaptein Marius Mikkelsen skadd i treningskamp rett før sesongstart. Rafael Villén har trappa ned då han snart ventar sitt tredje born.

– Vi har fått inn litt ekstra rutine ved å bruka assistenttrenar Torkel Hjertnes, men no når han også blei skadd, var det rom for ei signering.

– Eg fekk veta at Viktor skulle til Vestlandet for å studera. Vi inviterte han på trening og eg fekk eit godt inntrykk. Han likte seg her, og vi har signert avtale ut året, seier Brenne.

Han synest midtbanespelaren har god teknikk og raske bein.

– Får vi sjå han på banen i dag?

– Han er speleklar og med i troppen, avslører Endre, utan å gå ut med dagens startellevar.

Os har 7 poeng og ligg på 6. plass etter at dei andre laga har spelt sine kampar i helga, Lysekloster har 4 poeng og ligg på 11. plass.

Resultat frå dei andre kampane avdelinga i helga som var:

Lyn - Brann 2 3-2 (ja, Elias H. Myrlid skåra begge måla til B2)
Fjøra - Årdal 5-1
Frigg - Fyllingsdalen 2-0
Ready - Bjarg 1-2
Stord - Sogndal 2 4-1
Fana - Sandviken 3-0

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.