Politi | 19. apr. 2026

Tar opp igjen søk etter sakna

Vil søka med både båt og drone – ber publikum om hjelp.

Tar opp igjen søk etter sakna
Torsdag 16. april sjekka politiet ein bil i samband med den sakna mannen. I dag set dei søket i gang igjen. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Politiet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. apr. 2026 09:45

Torsdag kveld søkte politiet etter ein sakna mann, men opplysingar som dukka opp i samband med etterforskinga gjorde at politiet avslutta søket.

I dag tar dei opp igjen søket og går samtidig ut med bilde av vedkomande. (Oppdatert: mannen er funnen, bildet er fjerna)

– Sakna har ikkje kome til rette enno, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

– Det er derfor sett i verk søk etter sakna. I samråd med pårørande går vi derfor ut med bilde og skildring av vedkomande.

Skildring: Sakna er iført militærgrøn jakke og mørk joggebukse med kvite striper langs sida. Han er noko tynnare enn på bildet. Han om lag 180 centimeter høg, med mørkt, kort hår. Han er tynn og framstår noko ustelt.

Politiet leitar no aktivt etter sakna. Frivillige er på staden med mannskap og drone. Brannvesenet stiller med båt, Røde Kors er på veg.

Ved observasjon av sakna kan du tipsa politiet på telefon 47696060, eventuelt, ved akutt behov, 02800 eller 112.

Etter søket torsdag kveld, litt før klokka 02 natt til fredag, opplyste politiet at søk var avslutta.

– Vi har ikkje fysisk funne han, men opplysingar gjer at vi ikkje lenger har aktivt søk sa politiet då.

Torsdag var det to døgn sidan sist mannen var sett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om