Lokal | 18. juni 2018

Tatt i snittmåling av UP i sivil

Mann i 30-åra mista førakortet søndag.

Tatt i snittmåling av UP i sivil
Bilisten blei stoppa på Ulvensletta etter å ha halde snittfart på 81 km/t i 50-sona. (Arkivbilde: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. juni 2018 07:45

Søndag ettermiddag hadde Utrykningspolitiet fartskontroll i Os med sivil bil.

– Dei ser gjerne etter bilistar som på førehand utmerker seg i negativ retning når det kjem til køyremønster, og følgjer dei eit stykke, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Ein av dei som blei målt var ein bil som køyrde på Ulvensletta. Snittmåling viste at han køyrde i 81 km/t i 50-sona.

Det resulterte i førarkortbeslag og bot. Bota blir truleg over 8300 kroner, som er satsen for dei som «berre» ligg 21-25 km/t over grensa.

Høg fart og vinglete køyring

Politiet fekk i helga uvanleg mange meldingar som handla om vinglete køyring eller høg fart.

– Dessverre fekk vi ikkje stoppa og kontrollert nokre av dei.

– Om ikkje vi er i umiddelbar nærleik, og når vi ikkje får registreringsnummer, er det vanskeleg å følgja opp slike meldingar. Men vi er glad for at folk tar kontakt med den informasjonen dei har, det hender ofte at vi allereie er på hjul og får stoppa og kontrollert slike bilistar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.