Lokal | 11. feb. 2016

Tatt med amfetamin og elsjokk-våpen

Han hadde ni saker i Bergen på seg frå før, så blei mannen i 40-åra tatt med stolen sykkel, 8 gram amfetamin og elektrosjokkvåpen i Os.

Tatt med amfetamin og elsjokk-våpen
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. feb. 2016 19:43

Ein mann i midten av 40-åra har frå 2013 blitt tatt for ei rekke lovbrot i Bergen, frå tjuveri av iPad og bering av kniv til køyring med moped, i rus, utan løyve, og oppbevaring av nesten 70 gram hasj.

Sikta har tidlegare blitt fråtatt retten til å føra alle typar køyretøy for all framtid.

Tatt med ammunisjon og narkotika

Før sakene hans kom opp for retten rakk han òg å bli tatt for ulike forhold i Os.

Han blei tatt for bruk/oppbevaring av ein sykkel stolen på Nesttun og i februar i fjor oppbevarte han 7,79 gram amfetamin og 2,6 gram hasj.

Same dag blei han tatt med ulike patroner, ammunisjon til både hagle og rifle. I lomma hadde han eit elektrosjokkvåpen.

Sa seg delvis skyldig

Tiltalte møtte i retten og erkjente straffeskyld for det meste, delvis straffeskyld for nokre punkt og ikkje straffeskyld for eit par punkt.

Retten mottok ingen vitneforklaring.

Sikta er tidlegare straffa ved dom 16 gongar og ved bot/forelegg 6 gongar.

Han blei dømt på dei fleste punkta og fekk 5 månadar fengsel, der 3 månadar blei gjort på vilkår. 6 dagar varetekt blir trekt frå straffa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.