Tatt, slept fri, tatt igjen
Politiet ønskjer å varetektsfengsla mann i 20-åra etter køyring i rusa tilstand og funn av narkotika.
I helga greip politiet i Bergen ein mann i 20-åra for bruk og besittelse av narkotika.
– I samanheng med den saken gjennomførde vi ei ransaking heime hjå mannen.
– Der fann vi både narkotika og våpen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Slapp fri, tatt igjen
Etter å ha blitt avhøyrd av politiet i Bergen slapp mannen måndag fri frå politiets varetekt.
– I 20-tida påtraff patrulja mannen i ein bil og mistenkte at han køyrde i rusa tilstand.
– Han blei stoppa og det blei teken blodprøve av han.
– I tillegg gjennomførde vi ei ny ransaking, kor vi også denne gongen fann narkotika, seier politioverbetjenten.
Vurderar fengsling
Hadler-Olsen ønskjer ikkje å oppgje mengden narkotika som blei funnen då etterforskinga pågår framleis.
– Vi vil ha eit møte med påtaleansvarleg i dag for å sjå om det er grunnlag for å varetektsfengsla mannen.
Patrulja frå lensmannskontoret var òg å undersøkte kiosken på Kuventræ som blei utsett for innbrot natt til måndag.