Tatt for underslag av bil
Ein utlending blei tatt med eit førarkort som er ubrukeleg i Noreg, ein osing blei tatt med ein bil som ein bank meiner han ikkje har lov å bruka.
Ein osing som er er meldt for underslag av bil blei i går stoppa av politiet.
– Det er ein finansieringsinstitusjon som har meldt vedkomande, ein mann i 30-åra, for underslag av bil. Dei meiner mannen har brukt og/eller skjult bilen for dei, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.
Bilen er i prisklassen rundt ein halv million kroner. Mistenkte skal ha erkjent forholdet og levert frå seg bilen. Saka blir etterforska vidare.
Trudde han kunne kjøra i Noreg
Politiet stoppa tysdag ein utanlandsk bilist som kjørte utan norsk førarkort.
– Vedkomande er frå eit land utanfor EU der førarkortet ikkje er gyldig i Noreg. Han har budd i Noreg i eit par år og har hatt god tid på seg til å sjekka dette.
– Alle pliktar å undersøka reglar for landet dei kjem til, så vedkomande blei meldt for kjøring utan gyldig førarkort og må bestå norsk førarprøve for å kjøra bil her.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.