Tatt ut til landskamp mot Portugal
Han var Noregs beste mot Island. No er Kolskogen tatt ut til ny turnering med Norge U16.
Tysdag 1. august debuterte Ole Martin Lekven Kolskogen (16) frå Os med flagg på brystet, og blei kåra til banens beste.
Søndagen etter spelte han finale i open nordisk meisterskap og vann 4-1 over Danmark. Ole Martin spelte frå start til kampen var på overtid (2 x 40 minutt).
Nøgd kunne han reisa heim til Os, med vimpelen frå Island-kampen som personleg eige, og denne veka blei han tatt ut i troppen til den europeiske turneringa Syrenka Cup.
Møter Portugal om 11 dagar
Syrenka Cup blir spelt i Polen, og Noreg speler første kamp 29. august, mot Portugal.
Det er to spelarar frå Hordaland i troppen; Ole Martin Kolskogen frå Os Fotball og Sander Christensen frå SK Brann.
På fotball.no ser du heile troppen, med spelarar frå blant anna Liverpool, Southampton, Red Bull Lepzig og PSV Eisenhoven - og norske Rosenborg, Stabæk og Vålerenga.
Etter Syrenka Cup ventar kvalifiseringskampar til EM i Serbia.