Politi | 01. nov. 2021

Tenåring til legevakt etter slåstkamp

Mistenkte er fire år eldre.

Tenåring til legevakt etter slåstkamp
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. nov. 2021 14:37

Søndag morgon fortalte politiet, i ein kort, skriftleg rapport, om ordensforstyrrelse i Os sentrum i 02-tida natt til søndag.

Rapporten sa ikkje noko om kva episoden handla om, anna enn at to unge menn var involvert og at det er oppretta straffesak.

Politiet har oppretta sak etter ein episode med to menn i sentrum i natt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOpprettar sak etter bråk i sentrum

– Det var ein slåstkamp mellom ein ung mann i starten på 20-åra og ein fire år yngre tenåring.

Tenåringen har status som fornærma, den eldre guten som mistenkt.

– Episoden skal ha funne stad inne på ein butikk eller kiosk, eller starta inne og halde fram utanfor, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ved tillaup til slåsting, eller når ingen har synlege skadr, lar politiet det gjerne vera opp til partane å melda kvarandre.

Denne gong oppretta dei straffesak på eige initiativ.

– Tenåringen blei tatt til legevakt for sjekk, seier Lyssand, utan å nemna meir om skadeomfang.

MC-førar lukta øl

Dagen før fekk vi rapport om ein episode i 02-tida natt til laurdag, om ein MC-førar som hadde blitt stoppa på Lepsøyvegen, mistenkt for promillekøyring.

– Patruljen stoppa motorsyklisten fordi han køyrde fort. Dei hadde inga måling, men det var tydeleg over fartsgrensa på 50 km/t, fortel Lyssand.

I samtale med MC-førar, som er ein tenåring som køyrde lett MC, oppdaga patruljen at det lukta øl av han.

Han hadde også ein passasjer på sykkelen.

– Guten samtykka i førarkortbeslag og blei tatt med for blodprøvetaking.

Rykte ut til rusfri fest

Mens eldre ungdom har feira halloween både fredag og laurdag, rykte politiet også ut til ein fest på sjølve allehelgensaften, søndag 31. oktober.

– Det var ein gjeng 13-åringar, men det var ikkje alkohol inne bildet. Det var rett nok støy på staden, for dei spelte høg musikk.

Meldinga kom klokka 21.14. Dei unge festdeltakarane hadde avtale om at festen skulle vara til klokka 22, så det var ikkje så mange minutt politiet trengte å dempa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.