Lokal | 14. apr. 2010

- Tenk kreativt!

- Tenkt kreativt! sa Øyvind Raknes, og lanserte «den perfekte» plan for Nordvik.

- Tenk kreativt!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. apr. 2010 12:37

Øyvind Raknes bur i Nordvik, men representerte verken Nordvik velforening eller aksjonsgruppa då han ba om å få ordet på tampen av dagens møte på Kafé Ole B. Han takka naboane sine for deira engasjement før han la fram sterke meiningar om vegvesenet sitt arbeid til no.

- Eg har aldri høyrt om nokon som går inn i ein butikk, betalar for ei vare, betalar ein gong til på veg ut, men utan å få med seg vara. Slik opplever vi i Nordvik det, bompengar utan nytteverdi!

- Eg har også vore mykje ute og reist, men aldri sett ein dyr bomstasjon midt i ei bygd. Dette høyrer ikkje heime i Nordvik, sa han, og banka i bordet.

Lanserte idé
Men Raknes hadde også ein ny plan for heile E 39 Svegatjørn-Rådal, lansert som «den perfekte» løysinga for sidevegane til den komande nyevegen.

- Her må vegvesen og politikarar tenka kreativt. Vi kan få ei løysing som både er rettvis økonomisk for dei som bur langs sidevegane og som ikkje skapar lekkasje til sidevegane, sa han, før skissa som viser tankane hans blei rulla ut og hengt på veggen.

Bygdeveg som bremsar
Ved å gjera sidevegane mindre attraktiv for folk i farten vil Raknes redusera talet på bomstasjonar frå tre til éin, eventuelt ein hovudstasjon og to med lågare prisar.

- Men då må sidevegane, fylkesvegen og eksisterande E 39 gjerast om til miljøvegar, bygdevegar som er smalare enn i dag, har opphøgde gangfelt og lågare fartsgrense.

Lengda på omvegen det blir å velja sidevegane blir ifølgje Raknes 18-20 km lengre enn nye E 39, og vil ta 45 minutt å kjøra. Mot 7-8 minutt for Svegatjørn-Rådal (13 km i 100 km/t).

Forslaget fekk få kommentarar frå salen, men byråd Lisbeth Iversen sa kort at store delar av innhaldet hadde for omfattande avvik frå det som allereie var vedtatt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.