E39 Svegatjørn-Rådal | 31. okt. 2022

Terga Terje - 13 år før vegopninga

Fritio i Os, Fjellheim 2009: Les teksten til Inge Hjertaas sin versjon av «King of the Road».

Terga Terje - 13 år før vegopninga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. okt. 2022 14:07

Terje Søviknes, som med unntak av to periodar som statsråd var ordførar samanhengande frå 1999 til 2019, fekk fleire travle år i samband med prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal.

Han har vore eit ynda objekt for fleire humorinnslag på lokale revyar, og under Fritio i Os i Fjellheim i 2009, knappe to år før Fjellheim stengde, såg revyskodespelar (og lokalpolitikar for SV) Inge Hjertaas for seg kven som kom til å insistera på å klippa snora.

I dag var Søviknes på både formell og fysisk distanse frå snorklippinga:

Terje og Anne rigga seg til med flagg og sprudlevatn til direktesendt E39-opning. (Foto: Anne Fenstad)
Les ògE39: Følgde festen frå Maspalomas

Revyen Fritio i Os såg for seg noko anna, og viste fram denne versjonen av Roger Miller sin «King of the Road» frå 1964:

Vegen MIN

(mel . King of the road)

Trailers for sale or rent
Du kjem’kje langt med fifty cent
Viss du vil kjøra vegen min
så må du tøma pungen din, for

Fint og dyrt, det må det bli
ska’ du te’ by’n på kortare tid
Bompenga, ja det må te’
King of the road!

For bompenga, det vil vi ha
det e’ i grunnen ganske bra
Prinsippa e’ jo berre te’ pynt
no må vi på denne vegen få bjynt!

For eg - har ein liten strategi
berre vent eit halvt års ti’
Statsminister Siv veit råd
eg blir ein super trafikkstatsråd!

Då skal nok vegen fort stå klar
betalt med pengar du ikkje lenger har
Då kjem eg heim frå Kongens sitt bord
og eg får klyppa snor!

Ja, bompenga, det vil vi ha
det e’ i grunnen ganske bra
Eg tar med saks frå Kongens sitt bord
og berre EG skal klyppa snor!
ja, berre EG skal klyppa snor!
ja, berre EG skal klyppa snor!

(Vi filma den fine framføringa. Artikkelen blir oppdatert med video om vi finn filmen igjen)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.