Sport | 08. okt. 2010

Tertnes tapte ankesak

Tertnes slo Os, men er no dømt til å tapa kampen. Det er Os òg.

Tertnes tapte ankesak
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. okt. 2010 08:41

Os og Tertnes møtte kvarandre til 2. runde i NM i Oshallen 1. september. Tertnes vann kampen greit 41-18, men blei i ettertid dømt til å tapa kampen då dei hadde brukt 6 spelarar som ikkje var speleberettiga.

Også Os brukte spelarar dei ikkje hadde lov til, så også dei er dømt til å tapa kampen. Os aksepterte avgjerda då dei såg på kampen mot Tertnes som ei fin oppkjøring til seriestart.

Tertnes derimot hadde ambisjonar for NM og anka avgjersla inn til disiplinærutvalet. Dei meinte at dei hadde fått aksept frå handballforbundet å bruka dei aktuelle spelarane.

Disiplinærutvalet var einige i det administrative vedtaket om at dei to laga hadde brukt spelarar dei ikkje hadde lov til.

Tertnes anka saka vidare til apellkomiteen for endeleg avgjerd. Dei anka på bakgrunn av det dei meinte var sakshandsamingsfeil, feil bevisvurdering og feil tolkning av lovverk.

I mellomtida har handball-NM og og klubbane Bjørnar, Selbu og Våg Vipers stått på vent.

Fredag kom ein samrøystes dom frå apellkomiteen der det administrative vedtaket blir stadfesta.

Appellkomiteen skriv:
1. NHFs administrative vedtak av 06.09.2010 stadfestes og Tertnes Håndball Elite og Os Turn Håndball dømmes til å tape kampen 99K00NM024.
2. Appellgebyret tilbakebetales NHF.
3. Avgjørelsen er endelig.

No ventar oppgjeret mellom Bjørnar og Selbu før vinnaren møter Våg Vipers med tidlegare Os-spelar Janne Kjelstrup Olsen i kvartfinalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.