Testa nødvarsel i dag
Varselet kom på mobil og via tyfon.
Klokka 12.00 blir nødvarsel testa over heile landet.
Varselet kjem i skrivande stund på mobiltelefonar.
Kommunar med tyfon, som Os i Bjørnafjorden kommune, sender òg ut lydvarsel.
Onsdag 12. juni: Nasjonal varslingsprøve med test av Nødvarsel klokken 12. Dette er bare en test og du trenger ikke å gjøre noe.
På nodvarsel.no kan du lesa meir om varslingssystemet.
Der er det òg lista opp typiske spørsmål og svar på desse.
Her er eitt eksempel:
– Korleis blir eg varsla dersom eg ikkje har mobiltelefon?
– Naudvarsel på mobil er eit tillegg til andre former for varsling av folkesetnaden. Ved ei krise vil informasjon bli gitt både via nyheitsmedium / tradisjonelle medium, radio og sosiale medium. Ved store og alvorlege hendingar kan også varslingsanlegga bli nytta.