Lokal | 05. okt. 2019

Tett mellom smakane i Vognhallen

Marknaden trekte mykje folk - i kveld held mat-festivalen fram med «Det store Bjørnafjordmåltidet» i Oseana.

Tett mellom smakane i Vognhallen
Det var mykje godt å velja mellom i Vognhallen i dag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 05. okt. 2019 13:15

Bildeserie:

Loren Ditmarsen-Radecka og Daniel Skotheim frå Bjørnafjorden Matkultur helse publikum velkomen. (Foto: KOG)
Loren Ditmarsen-Radecka og Daniel Skotheim frå Bjørnafjorden Matkultur helse publikum velkomen. (Foto: KOG)
Arrangørane hadde trykt opp eigen valuta som du kunne handla smaksprøver med. (Foto: KOG)
Arrangørane hadde trykt opp eigen valuta som du kunne handla smaksprøver med. (Foto: KOG)
Klokka 12 var det tett med folk på marknaden. (Foto: KOG)
Klokka 12 var det tett med folk på marknaden. (Foto: KOG)
Honning frå Lysefjorden. (Foto: KOG)
Honning frå Lysefjorden. (Foto: KOG)
– Kva med litt chips laga av lakseskinn? (Foto: KOG)
– Kva med litt chips laga av lakseskinn? (Foto: KOG)
Som smakar veldig godt! (Foto: KOG)
Som smakar veldig godt! (Foto: KOG)
Folk koste seg med smakar og luktar i haustsola. (Foto: KOG)
Folk koste seg med smakar og luktar i haustsola. (Foto: KOG)
1 av 7

I kveld er det duka for ein runde med det «Det store store Bjørnafjordmåltidet» i Oseana.

Tradisjonen tru er alle billettane rivne vekk.

Nytt av året er at arrangøren, Bjørnafjord Matkultur, i dag skipa til marknad i Vognhallen.

Her kunne publikum få få helsa på lokale matvare-produsentar, få seg smaksprøvar, og ikkje minst handla lokale matavarer.

Tett med folk

Det har vore jamnt sig med folk sidan vi opna klokka 11, fortel Daniel Skotheim frå arrangøren.

– No er klokka 12, og det er rimeleg tettpakka med folk her.

–At vi fekk ein dag med så fint vêr er verkeleg ein bonus, både publikum og utstillarar ser ut til å storkosa seg i haustsola.

– At det var?

Ein av dei lokale matprodusentane som var på plass i Vognahallen var Fjordchips.

På stand stod Fredrik Schmidt Fotland og Henrik Bokelund. Saman baud dei på chips, laga av lakseskinn.

– Jo, folk er skeptiske til kva vi har laga av det som mange reknar som avfall, fortel Fotland.

– Men det slår ikkje feil, i det folk har kome seg forbi den første skepsisen, seier det fleste: «jammen, det var var jo godt jo!».

Fjordchips har nyleg etablert seg i Meny-bygget i Industrivegen, og Fotland fortel at dei framleis er på utviklings-stadiet.

– Vi har til no éin chips med paprikasmak og éin chips med wasabismak på marknaden.

– No jobbar vi med å utvikla produkta vidare samstundes som vi jobbar med å koma oss lenger og breiare ut i marknaden.

Framtidas chips

Fotland fortel at chips av lakseskinn ikkje har som mål om å erstatta Maarud og Kims som laurdags-snop, men at fjord-chipsen allereie har vist seg som ypparleg topping på til dømes på alt frå matrettar til soft-is (!)

– Tek du sjokolade rundt chipsen vår får du noko som minnar veldig om ein Kvikk-lunsj.

– Det vi jobbar med å utvikla her, er framtidas chips.

– Det er eit stort press på matressursane i verda, og å kunna nytta «avfall» på denne måten, er både framtidsretta og berekraftig for miljøet.

Om det vert verdsherredøme på chips-fronten er ikkje Fotland og Bokelund sikker på, men dei kan melda om god økonomi i å foredla lakseskinn;

– Vi kjøper inn til ein kilopris på sju kroner, og sel ut til ein kilopris på 2.500 kroner. det kan det fort bli butikk av.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.