Samferdsle | 16. jan. 2023

Tett snøvêr i Os i dag

Har foreløpig ikkje skapt særleg med problem i trafikken.

Rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen måndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. jan. 2023 08:34

Fredag kveld kom det fleire meldingar om glatt veg grunna is, måndag morgon kom det, som meldt, snø på vegane i Os og bergensregionen.

Det er ikkje meldt om uhell i Os, men på Kolltveit på Sotra har det vore ein kollisjon, i Dolviken og på Fjøsangervegen har vogntog og personbil havarert og på Flesland er det forseinkingar grunna snø.

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking går trafikken også noko seint enkelte stadar, som over Vallaheiane, inn mot Bergen sentrum frå sør og frå Kokstad til Sotraveien.

Det snør framleis i Os, men det er meldt opphaldsvêr frå 12-13-tida og ut dagen.

Det er venta meir nedbør tysdag, men også ein grad varmare, og nedbøren kan koma som sludd eller regn.

Onsdag til og med fredag er det venta opphaldsvêr, med unntak av sjanse for ei byge torsdag morgon.

Til helga er det venta 5-6 gradar og regn både laurdag og søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.