Sport | 27. feb. 2016

– Thomas e' ei maskin

Nest beste osing i Expedition Amundsen, debutant Sigurd K. Beldo, er imponert over Thomas Andersen, som leia til det var éin kilometer igjen.

– Thomas e' ei maskin
Sigurd Beldo er imponert over nivået på deltakarane. (Foto: Agurtxane Concellon/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. feb. 2016 11:51

Det er framleis deltakarar blant dei 50 individuelle og 69 to- og tremannslaga som ikkje har kome i mål i det som blir kalla verdas hardaste skirenn, pulkløpet Expedition Amundsen.

Dei raskaste brukte ganske nøyaktig eitt døgn på 100 km med pulk, frå Haukeliseter til Maurset, inkludert 8 timar obligatorisk kvile.

Kongen av Hardangervidda, Thomas Andersen frå Os, leia mesteparten av rennet, men i staden for å ta sin 5. førsteplass kom han inn på beint 24 timar og tok sin tredje 2. plass to minutt bak vinnaren Trygve Markset.

– Tidlegare år har eg vore åleine om å laga spor, då har det vore frustrerande om det har blitt 2. plass. No er det så mange gode deltakarar at eg, sjølv om det er irriterande etter 24 timar å koma to minutt bak vinnaren, er nøgd med 2. plass. Med dette nivået kan du gå eit godt løp og likevel landa på 15. plass, seier Thomas til Midtsiden.

Osingen er framleis mestvinnande og løyperekorden hans på 21.50 står støtt.

Topp 3, menn
1. Trygve Markset, tid: 23.58
2. Thomas Andersen, tid: 24.00
3. Are Opstad Sæbø, tid: 24.13

Topp 3, kvinner:
1. Kristine Solberg, 27.52
2. Kristin Brattebø, 27.53
3. Kirsti Midttømme, 28.17

Dei to første lagene som kom i mål var Team National Geographic Channel med tida 24.13 og Førstereisgutta med tida 24.47!

– Eg er nøgd med at vi også slo beste lag, dei startar ein halvtime etter oss og går berre i oppkjørt spor, seier Andersen.

Tapte leiinga i nedoverbakke

– Denne gong var det andre som lagde spor til første sjekkpunkt. Eg stakk ifrå til neste punkt og leia på det meste med ein halvtime. Så sparte eg krefter til spurten og fekk fleire opp i ryggen. Vi blei seinare ei gruppe på tre, som igjen blei til to.

Det var den siste nedoverbakken som øydela for osingen.

– Det gjekk i 60-70 km/t nedover, og eg heldt nok litt for mykje igjen. Ungdomen eig ikkje sperrer, seier Thomas om den 16 år yngre vinnaren.

På siste flaten kunne Andersen gløyma å ta igjen den erfarne langrennsløparen som vann.

– Eg kunne ikkje akkurat ta han på teknikken.

Kven er haren?

Eit døgn på ski over Vidda er ei naturoppleving i seg sjølv.

Denne blei akkompagnert av ein stor reinsdyrsflokk.

– Den sto til eg var heilt borte til dei, får dei brått flytta seg, noko forvirra. Flokken blei delt i to, det var eit flott syn.

I innspurten før siste nedoverbakke, då Thomas framleis leia, skremte han fram ein hare.

– Eg blei så fascinert at eg ropte bak til Markset «såg du haren?». Då vi kom i mål viste det seg at han ikkje hadde sett haren, men han hadde høyrd kva eg sa og trudd at eg terga han, seier Thomas og ler.

– Ei flott oppleving

Nest beste osing blei debutant Sigurd Klementsen Beldo. Han kom på 17. plass med tida 26.35.

– Det var ei fantastisk opppleving og eg er imponert over både arrangørane og deltakarane. Ikkje minst Thomas Andersen, han er ei maskin!

– Det er ikkje alle søkjarane som får delta, men dei som var med har vore utandørs før. Midt på natta, midt på vidda, gjekk det berre eit par minutt så var alle telta oppe og folk kom til ro.

Når det kjem til resultatet trur Sigurd han kan gjera det betre med litt betre fokus på det tekniske.

– Vi har to par ski med, eitt med kortfell og eitt med langfell. Eg gjekk nok for mykje oppover med kortfell, så den eine kortfellen gjekk av på slutten. Det førte til at eg måtte gå siste del av løpet berre med langfell, og det var tungt.

I år var det fleire deltakarar frå Os, der to av tre lag er kome i mål:

• Britt Helen-Kvittingen frå Os gjekk med Hege Rebecca Jacobsen i Team Beira (ikkje i mål i skrivande stund).
• Anders Berntsen og Anders Rød på laget Platous Tom Floster.
• Birte Haugland og Trude Kaald frå laget Trude og Birte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.