Lokal | 17. nov. 2014
Ti tørre dagar
Det er meldt lettskya og sol heile veka og til helga er det venta nattefrost.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. nov. 2014 08:19
Etter ei tørr og fin helg held det fram med sol og lettskya vêr utover veka.
Storm melder ei veke utan nedbør, med skyfri måndag, overskya tysdag og lettskya frå onsdag, gjennom helga og ut i neste veke.
Vinden skal halda seg på mellom 3 og 6 m/s, dagtemperaturen på 6-7 gradar i starten av veka.
Frå og med onsdag skal det bli kaldare, 3 plussgradar på dagtid og 0 til 2 minusgradar om natta.
Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på Storm.no.