Lokal | 02. jan. 2018

Tidleg nedrigg av populært tilbod

Kultureininga takkar for jamn og fin bruk av skøytebanen.

Tidleg nedrigg av populært tilbod
Kjetil Osablod Grønvigh og kollega Roar Haugsgjerd riggar i dag ned skøytebanen i Os sentrum. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. jan. 2018 11:42

For andre jul på rad har Os kommune hatt skøytebane i plast i eige telt i Os sentrum.

I fjor blei den ståande fleire veker etter nyttår, i år blir det noko kortare sesong.

– Vi disponerer ikkje plassen lengre, det blir ein del aktivitet i lokala på gateplan, forklarer Kjetil Osablod Grønvigh.

Han har med seg kollega Roar Haugsgjerd frå kultureininga til dagens nedrigg.

– Men det er heilt greit, vi såg bruken dabba av utover nyåret i fjor òg, så vi håper alle er nøgde.

– Men vi eig banen sjølv, og om det er idrettslag eller andre som vil bruka den til noko kjekt i ein eller annan samanheng, så er det berre til å ta kontakt, legg han til.

Populært tilbod

Første sesong sto banen i telt på Baronsplassen, bak Bakketeig, denne gong sto den i ein av krokane på rådhuset.

– Her sto den betre skjerma, men samtidig meir synleg. Eg har inntrykk av at den har vore mykje brukt, både bruk som eg sjølv har observert og spor etter bruk når behovet for reinhald og boning har meldt seg.

– Eg vil samtidig takka små og store for fin bruk og null hærverk! Eg har sett at folk har brukt den også utanom «opningstidene», men folk har opna og lukka etter seg, og dei har behandla banen og teltet fint.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.