Kultur | 22. okt. 2019

– Tidlegare var han best backstage

Til Os torsdag: Christoffer Schjelderup forklarer Kevin Kildal sin suksess.

– Tidlegare var han best backstage
Kevin Kildal, her på Catten i 2017, kjem denne veka til Os igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. okt. 2019 18:35

Kevin Kildal (30) frå Meløy i Nordland debuterte som standupkomiker i 2012, blei nominert til Stå opp-prisen i 2017 og vann Comedy Fight Club på Os same år.

• Sjå video frå Comedy Fight Club på Catten i 2017

I 2018 var han tilbake i Os med det openhjartelege showet «Drittliv», torsdag står han på scenen på Baronessen med sitt siste show, «Skamlaus».

Tok seg sjølv med på scenen

Kevin er kjent for å vera mørk, brutal, dryg og ærleg. Det er han framleis, men den Julegøy 2-aktuelle kollegaen Christoffer Schjelderup meiner Kevin har endra seg til det betre på andre område.

– Eg såg han første gong i Trondheim, der han debuterte. Kevin var morosam då òg, men han var mykje meir morosam å vera med backstage enn kva han var på scenen, meiner Schjelderup.

– «Kvifor tar du ikkje dette, deg sjølv, med deg på scenen?», spurde Dag Sørås. Det gjorde Kevin heldigvis.

– Kevin var rå på onelinarar, men han er òg ein god historieforteljar. No har han tatt dette med seg på scenen, og hans eigen show er noko av det gøyaste eg ser.

– Trur han er glad i Os

«Skamlaus» hade premiere førre månad. Allereie no står han opp på Os, for tredje året på rad.

– Han kjem sjølv frå ein liten plass, eg trur han er glad i Os. Han kjenner også publikummet godt, folk frå Os står for ein støyt, meiner Schjelderup.

«Kildal har gått fra å være en bekymringsfri gutt med dårlig økonomi og dårlig ånde, til å bli en mann med masse bekymringer, dårlig økonomi og dårlig ånde. Fortsatt glad men mørk, fortsatt ærlig, men Skamlaus!» skriv arrangør Humorkollektivet om showet.

Sjølv speler Schjelderup fire show med Julegøy 2 i Oseana i slutten av november. Då deler han scene med blant andre Kevin Vågenes frå Parterapi.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.