Sport | 16. jan. 2010

Til eliteturnering

Brann har lånt ein osing til eliteturnering for junior i Ålesund.

Til eliteturnering
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. jan. 2010 13:01

Brann skal låna Os-spelaren Baste Jonassen til Color Line Cup i Ålesund i slutten av januar.

- Eg fekk ein telefon frå leiinga i Brann, der dei spurte om eg hadde ein ung høgreback eg meiner kan bli god nok for eliteserien. «Eg har to», svarte eg.

Frank Hellevik seier både Jonassen og Mats Lepsøe, begge fødd i 1992, var aktuell å senda.

- Sidan vi kjem til å bruka Mats høgare på banen i år, som kant, sender vi Baste med Brann til Ålesund.

Seks dagar med eliten
Baste debuterte i 3. divisjon i fjor. Han gjorde det godt for Os sitt A-lag, både i dei tre kampane han spelte frå start, og i innhoppa.

- Det var kjekt å bli spurt om å vera med og eg gler meg veldig til å spela med Brann, seier Baste.

Måndag 25. januar går turen til Ålesund. Der skal dei bu på hotell til laurdag, og spela fem kampar mot juniorane til skandinaviske eliteserielag.

- Vi skal møta blant anna Molde, Vålerenga og Midt-Jylland. Eg trur alle kampane skal gå på Color Line Stadion.

Lite trening med ball
Juniorlaget til Brann skulle eigentleg spela treningskamp mot Os i Vestlandshallen før avreise, men bergensområdets einaste fotballbane under tak var opptatt.

- Med Os har vi berre hatt éi trening på bane, og den delen av banen som vi har måka for snø var så dårleg at det nesten berre blei løping.

I morgon skal Os trena innefotball i Oshallen. Med Brann junior blir det neppe trening før avreise.

- Vi møter nok god motstand i cupen, men vi får ta det som det kjem, seier Baste.

Ekstern lenkje:
Color Line Cup, aafk.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.