– Til fare for seg sjølv og andre
Ein osing som i sommar blei tatt med promille på Halhjemsvegen fekk i desember dom i Nordhordaland tingrett.
I sommar blei ein mann i 20-åra stoppa av politiet på Halhjemsvegen, mistenkt for promillekøyring.
Etter å ha tatt blodprøve av mannen fann dei ut at han hadde ein promille på 1,53 mindre enn éin time etter at køyringa fann stad.
18 dagar fengsel
At mannen tilsto i retten blei sett på som formildande, mens straffeskjerpande var det at, sjølv om mannen ikkje skulle køyra langt, det ikkje var tvilsomt at mannen var ein fare for seg sjølv og andre i løpet av kjøreturen.
Retten dømte mannen til fengsel i 18 dagar og 15.000 kroner i bot.
Han mista også lappen i 2 år og må ta full førarprøve for å kunne kjøra bil igjen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.