Til NM som favoritt
Ariel Braathen reiser til junior-NM i svømming som storfavoritt på brystøvelsane.
Torsdag startar junior-NM i svømming i Bærum med søftelandsjenta Ariel Braathen som storfavoritt på brystøvingane.
– Ja, etter å ha hevda meg blant seniorane, både i NM og på andre stemne kan du få lov til å kalla meg det, seier Ariel Braathen.
Svømmetalentet blei i sommar noregsmeister på 50 m langbane for seniorar og har noregsrekorden for juniorar på same distansa, satt i opningsstemnet i AdO Arena.
Berre oppvarming
Braathen stiller til start på 50, 100 og 200 meter bryst, 50 og 100 meter fri og 100 meter medley.
– I tillegg blir det nokre stafetter saman med Bergen SC.
– Det er dei tre brystøvelsane eg skal gjera det godt på.
– Dei andre individuelle distansane er meir som oppvarming å rekna, forklarar svømmaren.
Går for rekord
Spesielt ei distanse er ho veldig sugen på å setta ny norsk rekord.
– På 50 meter bryst er persen min berre éin-tidel bak den eksisterande noregsrekorden på kortbane.
– Den er det trenaren min som har og dette er siste stemnet ho er med på som trenar for oss, så det hadde vore veldig kjekt å ta den rekorden nettopp no, avsluttar Ariel Braathen med eit smil.