Kultur | 25. juni 2009

Til Os for å læra

Skulptursymposiet på Os er ein viktig samlingsplass for mange kunstnarar. Men det er også tydeleg at produksjonen går for fullt innimellom samtalane.

Til Os for å læra
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. juni 2009 23:52

Bildeserie:

1 av 6

Måndag starta skulptursymposiet, torsdag formiddag var det allereie mykje som hadde byrja å forma seg.

- Eg er ganske utålmodig, derfor likar eg veldig godt å jobba med marmor. Den er enkel å forma, den sprekk ikkje, og den adukar ofte fine fargar etter kvart som du jobbar med den. Marmor er som hardt smør, seier Os-kunstane Odd Olav Nøss.

Han har vore med på fleire skulptursymposie før, men i år er han ikkje blant dei 12 hovudkunstnarane.

- Eg står som elev, og har fått meg ein passe stor stein. Men eg klarar meg bra sjølv, skissa har eg i hovudet, forklarar den erfarne marmorbankaren.

Frå Mandal for å læra
Ole Mauseth frå Mandal driv fulltid som bildekunstnar, men har lite erfaring med marmor.

- Eg kom til Os for å læra, og opphaldet har vore perfekt så langt, seier Mauseth.

- Og så kom eg for å oppleva miljøet, vi har det veldig kjekt saman, legg han til.

To opningar?
Jo Kley er godt i gang med den store skulpturen som skal stå på Telthusplassen. Steinen er svensk granitt, og får form med fleire glatte flater. Når den er ferdig, ein gong før første helga i juli, skal den stå oppreist.

- Denne blir passande til den moderne stilen på den nye plassen. Du veit det skal vera opning på laurdag?

- Takk! Ja, eg veit det. Men eg er ikkje ferdig før i slutten av neste veke. Trur du dei vil ha to offisielle opningar, undrast Kley med eit smil.

"Heilt sikkert", svara eg. Så får vi sjå kva kultursjef og sentrumsforeiningsleiar får til.

Her er nokre bilde frå dag nr 4. (Alle foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.