Lokal | 15. feb. 2013

Tilbake til start

Om Statens vegvesen godkjenner planen blir Brugata tovegskjørt igjen, om lag som før. - Tovegskommunikasjon er viktig, argumenterte Gustav Bahus.

Tilbake til start
Parkeringsplassane framfor apoteket held ein på, plassane framfor G-sport blir regulert til av- og pålessing (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. feb. 2013 08:29

Føljetongen om Brugata heldt torsdag fram i Plan- og bygningsutvalet då dei fekk oppatt saka om å gjera vegen tovegskøyrd. Saka var ògså oppe på sist møte i utvalet, men blei utsett då arbeiderpartiet ville at grunneigarar og næringsdrivande i området skulle få uttala seg.

- Har dei blitt høyrd no? Eg kan ikkje så at andre enn Sentrumsforeninga har uttalt seg, kommenterte Torill Keys (Ap).

Teknisk sjef Marianne Kramer fortalte at dei etter førre møte hadde vore i kontakt med sentrumsforeninga og deira leiar for å få ei uttale. Tilbakemeldinga var at dei fleste av medlemmane støtta ei tovegskøyrd gate. Grunneigarane vera heller ikkje denne gongen spurt direkte.

Skeptisk til tovegs

Frp/H gjekk inn for å opne Brugata begge vegar igjen, men å utvida parkeringa framfor Apoteket til å strekka seg ned til hjørnet av Fisketorget.

- Korleis blir trafikkflyten, undra Terje Sperrevik (TvS).

- Eg var skeptisk til å laga einvegskøyring i si tid, eg er like skeptisk til å opna opp att.

Når kom dødskysset?

Kramer fortalde at dei hadde målt vegbredden og at køyrefeltet ville vera mellom 4,5 og 5,1 meter sjølv med bilar parkert.

- Vi har gjort nok for å ta livet av heile Osøyro. Tovegskommunikasjon er viktig, skaut Gustav Bahus inn.

- Det å gje dødskysset til Os sentrum er det lenge sidan Frp/H har gjort. Det er mange valperiodar vi har stått på stand og merka at det er for dårleg, svarte Sperrevik.

Vil ikkje hindra venstresving

Framlegget til løysing er å laga tovegskøyring med kun høgre sving ut av Brugata. Det vil bli lov til å køyre inn i Brugata frå Hatvikvegen uansett om du kjem frå elva eller rundkøyringa.

- Burde det ikkje vore forbod mot å svinge til venstre når du kjem frå rundkøyringa? Det vil vel kunne skapa kø på Hatvikvegen, undra Harald Døsen (Ap).

- Det vil ikkje Statens vegvesen, svarte Kramer.

Om statens vegvesen godkjenner planane som fekk fleirtal (Frp/H) mot 3 stemmer (Ap/TvS) vil gata bli opna med parkering framfor Apoteket og Posten, og med av og pålessing framfor G-Sport.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.