Tilbyr gratis vinter- og påskeferie på fjellet
Røde Kors Hordaland arrangerer «Ferie for alle».
I Os har vi fleire år hatt ulike ferietilbod med fritidsaktivitetar, ikkje minst med Rotary sitt opplegg på Ramsholmen.
Men det finst òg noko å søka seg inn på om vinteren.
Røde Kors-tilbodet «Ferie for alle» er eit tilbod om gratis ferieopphald for barnefamiliar.
Tilbodet er for familiar med vedvarande låg inntekt, og gjeld òg innbyggarar i Bjørnafjorden.
Begge leirane går til Merket i Valdres.
No er det mogleg å søka om plass på årets vinter og påskeferie, og første frist er i neste veke.
- Vinterferie: Tysdag 27. februar - laurdag 2. mars
(Søknadsfrist: 29. januar) - Påskeferie: Laurdag 23. mars - Onsdag 27. mars
(Søknadsfrist: 26. februar)
Deltakarar som ikkje har vore med på «ferie for alle» før, blir prioriterte.
– Dette er eit kjekt tilbod som Røde Kors har halde på med i fleire år, fortel Kristian Strønen frå Røde Kors.
Han er ikkje kjent med om det er frivillige frå Os som skal delta, men fortel at det gjerne har vore lokale aktørar med på tilbodet tidlegare.
Transport, overnatting, aktiviteter og mat blir dekka for heile familien.
I informasjonen om ferietilbodet skriv Røde Kors at familiane som ønsker å delta bør vera glad i uteaktivitet.
Det blir lagt opp til aktivitetar for heile familien, med hovudfokus på born mellom 6 til 13 år.
«Merket» er eit fjellsenter som ligg i Tisleidalen, på fjellet mellom Gol og Fagernes.
Nokre av aktivitetane dei tilbyr er aking i trekkbakke, langrenn og turar med bålpanne.
Kven gjeld tilbodet for?
Røde Kors har nokre kriteriar til familiane som skal delta.
- Dei må ha hatt økonomiske utfordringar i tre år eller meir
- Har minst eit born i skulealderen (6 til 13 år)
- Ikkje har tilsvarande ferietilbod
- Klarar seg sjølv utan behov for tett oppfølgning frå frivillige
- Fungerer i gruppe saman med andre på leir
Søknadsskjema og meir informasjon finn du på nettsida til Røde Kors Hordaland.