Lokal | 29. apr. 2020

To tilfeldige observasjonar - to menn utan førarkort

Politiet fortel om påkøyrd katt og tre trafikkforhold tysdag.

To tilfeldige observasjonar - to menn utan førarkort
UP sto i 20 minutt med laser på Hatvikvegen i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. apr. 2020 07:24
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

To ulike patruljar kom i går over to tilfelle av køyring utan førarkort.

Den første var på morgonen, klokka 09.15. Politiet reagerte på køyremønsteret, følgde bilen til eit nabolag rett aust for Os sentrum, og sjekka bilførar.

– Vedkomande, ein 34 år gamal mann, hadde ikkje førarkort, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Tatt utan gyldig førarkort i eigen hage (oppdatert)

Klokka 23.50 på kvelden køyrde patruljen frå Os sentrum mot eit nabolag nordaust for sentrum.

På ei privat adresse såg dei ein bil utan skilt som slepte ein hengar med båt på, truleg berre for å flytta den internt på eigen eigedom.

– Bilførar, ein 25 år gamal mann, hadde ikkje gyldig førarkort. Også her blir det oppretta sak.

OPPDATERT: Midtsiden har fått opplyst at vedkomande har førarkort klasse B, men altså ikkje gyldig til denne vekta på hengaren.

Prikkfritt, men ikkje gratis

Tidlegare på morgonen i går hadde UP kontroll på Hatvikvegen. Frå klokka 08.11 til 08.33 stoppa dei éin fartssndar.

Vedkomande blei målt til 60 km/t i 50-sona, noko som resulterer i forelegg på 2.100 kroner, men 1 km/t unna to prikkar på førarkortet.

Fann død katt

I 17.30-tida tysdag fekk politiet melding om funn av død katt i ei grøft i Kuvenbakken. Den er truleg påkøyrd.

Brannvesenet rykte ut for å henta den, men fann den ikkje. Det viste seg at andre hadde tatt katten med til veterinær for å sjå om den var chippa, noko som kunne sett dei på sporet av eigar.

Katten er grå, har kort pels og såg ung ut.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.