Slo Stord etter 18 månadar utan kamp
I dag er det ei veke til seriestart på heimebane.

Os sitt damelag knuste tabelltoar Bjørnar i det som viste seg å bli siste kamp på 18 månadar. Datoen var 7. mars 2020, resultatet blei 21-13.
Damene hadde ein god treningsvår og starta oppkøringa etter ferien i midten av august.
Den første helga i september var dei på treningsleir i Strandebarm.
– 11 av 15 spelarar deltok. Nokre av dei blei litt til og frå grunna blant anna konfirmasjon, men det blei ei god treningsleir i fine fasilitetar seier trenar Trond Budal.
Torsdag tok Os imot Stord til treningskamp i Oshallen.
Dette var første kamp på 18 månadar.
– Dei yngre spelarane våre har fått spela litt i løpet av pandemien, men dette var første kamp for heile troppen sidan mars i fjor, seier trenar Trond Budal.
Os leia 13-9 til pause og vann 20-19.
– Eg fekk brukt heile stallen på 15 spelarar og prøvd ut fleire ulike samansetjingar.
– Det var god trening, nesten som vi skulle hatt ein omgang til for å prøva ut endå meir.
Berre 2 av spelarane frå våren 2020 er med vidare.
Budal har tatt opp 6 spelarar frå eigen stall og signert 6 nye i 2020 og 2021. I tillegg har dei eit comeback.
Vi kjem med meir om den nye stallen i eiga sak.
Tysdag kan det bli ny treningskamp, om Budal finn motstandar det passar for.
Søndag om ei veke er det seriestart heime mot NHHI (kampstart kl 17.40).
Også laurdag 25. september er det heimekamp, då mot Årstad 2.
Her er avdelinga til Os:
3. divisjon kvinner (1 av 1 avdeling i region Vest)
Askøy
Bergen
Bjørnar
BSI
Bønes
Dale
Fana 2
Florø
Fyllingen 2
NHHI
Os
Stord
Årstad 2
- Tabell og terminliste på handball.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.